W17 trimaran

W17 er ein open 17 fots trimaran konstruert av kanadiske Mike Waters. Teikningar er tilgjengelege for å byggja sjølv. Konstruktør Mike Waters har førti års røynsle med fleirskrogsbåtar, og eigde i mange år prototypen for Dragonfly 800.  W17 blei konstruert og bygd med tanke på eigen bruk, men byggeplanar er no selde i over 150 eksemplar i alle verdsdelar. Toppfart er målt til 15 knop, og 10 knop er ganske vanleg. Rigg er tilgjengeleg i to versjonar - ein turversjon med roterande vingemast i tre og mindre seglføring, og ein sportversjon med roterande vingemast i karbon og større seglføring; planar for bygging av mast er inkludert. Ein forlenga versjon (W19) med krypinn-kabin for ein person er under bygging, og kan blir gjort tilgjengeleg. Denne har svingfalding (sideskroga svingar bakover og inn mot hovudskroget). Byggemateriale er epoksy kryssfinér.


  • synkefri med sjølvlensande cockpit
  • beskytta cockpit med ryggstø (i motsetning til mange andre små trimaranar der ein sit oppå båten
  • kan transporterast på vanleg hengar; med flat botn kan båten sjøsetjast på enkelt vis
  • faldbar; sideskroga svingar opp og kviler på hovudskrog (svingfalding inn mot hovudskrog er under utvikling)
  • skroglengde 5,2 m
  • total breidde 4,2 m, samanfalda breidde 2,2 m 
  • svingbar sverdkjøl i hovudskrog
  • svingbart ror i hovudskrog
  • netto vekt 185 kg
  • turversjon har roterande vingemast i tre: 7,35 m 
  • turversjon seglføring: storsegl 11,1 m2, fokk 4,4 m2, medvindssegl 9,6 m2
  • sportversjon har roterande vingemast i karbon: 8,0  m
  • sportversjon seglføring: storsegl 13,7 m2, fokk 4,9 m2, medvindssegl 10,5 m2
  • materialkostnader er om lag NOK 100.000; byggetid 400-500 timar
Last ned artikkel om W17 (engelsk)
Kjøp byggeplanar

Nettstaden Small Trimaran Design

Mike Waters nettstad har eit vell av informasjon om små trimaranar generelt, og W17 spesielt:

  • presentasjon av W17 og W22
  • foto og video
  • publiserte artiklar
  • Informasjon om konstruksjon og bygging
  • tips om segling
  • synspunkt på andre små trimaranar
  • kopi av artiklar publiserte i tidsskrift
  • osv.
W17 under segl
samanfalda på tilhengar

W19

W19 er ein forlenga W17 med fastmontert vindskjerm og overnatting for ein person. W19 har svingfalding, dvs. sideskroga svingar bakover og inn mot hovudskroget. Båten er 6 m lang og veg 340 kg.

Lysbileteserie med detaljar