Eitt eller fleire skrog?

Nesten alle båtar i vår del av verda har tradisjonelt bare hatt eitt skrog. Andre stader har fleire skrog vore vanleg, serleg der vind har vore viktigaste framdriftsmiddel. 

Den moderne fleirskrogsbåten er utvikla over dei siste femti åra, og faktisk er Norge eit land som med stor suksess har nytta fleirskrogfartøy til nyttefart -  til passasjertrafikk langs kysten, og til bil- og passasjerfart over Skagerak. Utan unntak er desse båtane katamaranar; dvs. dei har to like store skrog. Dei er kjende for å vera både hurtige og sjødyktige.

Eitt- og fleirskrogs seglbåtar

Ein seglbåt med eitt skrog nyttar vekt for balansering - ein liten båt nyttar mannskapets kroppsvekt, og ein større båt nyttar vekt i kjølen. Utan vektbalansering vil båten krenga, og kanskje også kantra, i sterk vind. For å segla fort må ein ha vekta langt ute (t.d. mannskap i trapes) eller langt nede (t.d. djup kjøl), eller ein kombinasjon av desse to.

Ein seglbåt med to eller tre skrog balanserer ved hjelp av breidde, og krenger mykje mindre enn ein båt med eitt skrog. Fleirskrogsbåtar treng heller ikkje tunge kjølar av bly eller jern. Derfor vil ein lett fleirskrogsbåt under segl akselerera heller enn å krenga i sterk vind.

Trimaran

Trimaranen - treskrogsbåten -  er den raskaste av alle seglbåtar; han har eitt hovudskrog, og eit sideskrog på kvar side av dette, og er nesten like brei som han er lang. Moderne trimaranar har ofte stort volum i sideskroga, og desse vil ofte vera like lange som hovudskroget. Rett eller invertert baug er også eit vanleg syn i dag; ein slik baug går gjennom bølgene i staden for over, men vil også gje meir sjøsprut.

Dei fleste trimaranar har senkekjøl eller sverd i hovudskroget. Det kan vera eitt ror på hekken til hovudskroget, eller eitt ror i kvart sideskrog. Nokre trimaranar har også foilar for stabilisering og større fart. 


Vekt, breidde, lengde og seglareal er kan hende dei viktigaste faktorane for høg yting. Sjå her for ei samanlikning av fleire små trimaranar, der eg har nytta eit forholdstal mellom vekt og seglareal.

Les om bakgrunnen for mi fleirskrogsinteresse her.


Samanfalding og demontering

Ein trimaran er nesten like brei som han er lang; han tek difor mykje plass både under transport, i båthamn og i vinteropplag. Større trimaranar har fastmonterte sideskrog (t.d. Neel). Ein del trimaranar har også sideskrog som kan demonterast under transport eller i opplag på land (t.d. Libertist 853). Slike båtar ligg gjerne i bøye eller ved ei brygge, fordi dei fleste båthamner ikkje tilbyd båtplass for så breie fartøy (eller det kostar for mykje).


Den Newzealandske båtkonstruktøren Ian Farrier var den fyrste som utvikla ein praktisk metode for å falda saman ein trimaran. Trimaranar med sideskrog som kan faldast inn mot hovudskroget utan demontering er derfor like praktiske å eiga som ein båt med eitt skrog. Sidan dei heller ikkje har fast kjøl med stor vekt, er dei svært enkle å lagra på ein vanleg båthengar. Mange av dei har også eit system for mastring ved hjelp av utstyr og vinsjar ombord.

Det er fleire metodar for samanfalding:

  • gardintrappfalding; sideskroga svingar rett inn og delvis under hovudskroget (Farrier, Corsair, osv.)
  • skyvefalding; sideskroga er monterte på teleskopiske røyr som blir skuvne  inn mot hovudskroget (Astus)
  • svingfalding; sideskroga svingar bakover og inn mot hovudskroget (Dragonfly, Libertist, Tricat)
  • hengslefalding; sideskroga er monterte på hengsle, og svingar opp og kviler oppå hovudskroget (W17)

Mike Waters´ Small Trimaran Sailing Tips

Les Mike Waters utmerka handbok med segleteknikk for små trimaranar på nettet (Copyright © 2010-2020 mike waters).

Kvifor trimaran?

Kva er galt med eittskrogs-seglbåten? I alle fall ikkje det estetiske - ein smekker eittskrogs seglbåt er, etter mitt hovud, vakrare enn ein trimaran med sine bjelkar og skrog i ulik storleik.; dei mange "kransekake-katamarane" som er på mode i dag er heller ikkje serleg vakre.  Så kva er problemet med eittskrogs-seglbåten?
  • eittskrogs seglbåtar med fast kjøl og ballast kan synka
  • dei fleste eittskrogs seglbåtar er ikkje raske; rundt 6-8 knop er nokså vanleg fart; så om du startar turen inne i ein fjord kvar gong, kjem du aldri serleg langt, serleg ikkje om du har vinden imot. 
  • eittskrogs-seglbåten er komfortabel i hamn og under motor, men under segl krengar båten; kanskje kjekt for den ivrige seglar, men for dei som må ta spenntak for å nyta inventarets komfort er dette ei blanda oppleving. Tenk deg at du eigde ein flott bustad  som du levde i, men i 20 graders vinkel, eller om du kjøpte ein flott bil med all verdas komfort som alltid krenga kraftig til eine sida under køyring!

Her er ei oppsummering av trimaranens fordeler og ulemper:

Fordeler:

  • lite krenging, og dermed meir komfort
  • svært trygg, fordi båten er synkefri
  • stor fart, rask akselerasjon, og dermed større rekkevidde
  • seglar godt også i lite vind
  • stor dekksplass
  • låg vekt
  • kjøl som kan hevast gjer at skroget ikkje stikk djupt

Ulemper:

  • begrensa kabinplass, fordi hovudskroget er langt og smalt
  • tre skrog og rigg med store krav til styrke gjev høge byggekostnader
  • begrensa marknad for brukte trimaranar
  • trimaranar som ikkje kan faldast er dyre å halda båtplass til
  • stort vindfang og lett vekt gjer at båten taper fart like fort som han vinn fart
Kva kostar ein trimaran?

Typisk vil ein ny 20-30 fots verftsbygd trimaran kosta mellom ein halv og godt over to millionar kroner. I Noreg er det svært få brukte båtar til sals.  Import av brukt båt svarar seg stort sett ikkje, fordi ein må betala norsk mva ved bruktimport; brukte båtar i utlandet har også høgare pris enn i Norge.

Libertist 853 med faste sideskrog og foilar

Lenkjer

Small Trimaran Design

Svært nyttig informasjon om små trimaranar; Mike Waters har mange tiårs praktisk røynsle; informasjon om trimaranane W17 og W22.

OutRig!

Jim Browns nettstad om utviklinga av den moderne trimaranen


Erik Lerouge Yacht Design

Erik Lerouges nettstad - kjend fransk konstruktør av fleirskrogsbåtar


Small Trimarans

Nettstad med informasjon om små trimaranar


Norsk Flerskrog Seilklubb

Norsk fleirskrogsklubb; også med annonsar for kjøp og sal


Sveriges Catamaran och Trimaran Seglare

Svensk fleirskrogsklubb; også med annonsar for for kjøp og sal

Multihulls Denmark

Dansk fleirskrogsklubb; også med annonsar for kjøp og sal