Folkemord i Xinjiang?

24.06.21 15:40 By Kleppar

Xinjiang - utvikling er avvikling?

Eg viser til Klassekampens artikkel om Xinjiang 19. juni; fleire artiklar om Xinjiang er lova, og eg er spent på om desse utvidar og nyanserer perspektivet. Eg merkar meg også at artikkelen ikkje skriv noko om dei siste skuldingane om slavearbeid i regionen; eller er det tema for kommande artiklar? So langt ville artikkelens innhald og konklusjonar passa betre for publisering i Aftenposten enn i Klassekampen.

Eg har ingen ambisjonar om å motbevisa påstandar om folkemord i Xinjiang. Her har både the Grayzone og The Transnational Foundation for Peace & Future Researchgjort ein god jobb. Klassekampen, derimot, skriv som om systematisk utsletting, inkludert massesterilisering, av uigurane i Kina, er eit etablert faktum, og har, til liks med det meste av vestleg presse om temaet, Adrian Zenz som sanningsvitne - ein bibelskulelærar som verken kan kinesisk eller uigurisk, og knapt har vore i Kina, og som er kjend for sin mildt sagt kreative tolking av statistikk. Elles viser artikkelen til Koen Wellens besøk i Xinjiang i 2005, og Harald Bøckmans reiser i området for nesten tjue år sidan, og deira kommentarar om stoda i regionen. Resten er referat frå amerikansk presse, som «venstresidas avis» burde ha eit meir kritisk forhold til. Ingen muslimske land, inkludert nabolandet Pakistan, har kjøpt påstandane om folkemord i Xinjiang; dei er i hovudsak fremja av USA med eit haleheng av vestlege land, som sjølve har gjort seg skuldige i grove brotsverk overfor ei rekke muslimske land. Men no får altså alle desse påstandane litt drahjelp frå Klassekampen.

Frå førti års røynsle som språkkunnig Kina-observatør; over tjue av dei busett i landet, også i nordvest-Kina, noterer eg meg at dei fleste kinesarar (over åtti prosent ifylgje målingar) deler styresmaktene sitt syn på samfunnsutviklinga, der grunnsynet er at politikken skal tena store deler av folket, skal vera balansert både med omsyn til geografi, klasse, folkegruppe og kultur (omfatta religion), og leggja vekt på utvikling av velferd, samfunnstryggleik og harmoni. Det er ingen toleranse for grupper som utøver vald for politiske eller religiøse formål, heller ikkje for separatisme eller freistnader på endring av det politiske systemet.

Som busett i Beijing dei siste to åra har eg delt det kinesiske folkets glede og byrgskap over at landet i denne perioden både har avskaffa absolutt fattigdom og i praksis har utrydda corona-viruset. Det er det mildt sagt underleg å observera at landet, som har hatt vern av menneskeliv som fyrsteprioritet (færre enn fem tusen daude under pandemien), som i skrivande stund har sett over ein milliard vaksinedoser i eige land og 350 millionar i andre land, no får stempel som verstingland med tanke på menneskerettar. Er eg kommen på feil klode? Er sunn fornuft suspendert? Er liv og helse ikkje ein menneskerett?

Og burde ikkje folkemord i Xinjiang vera komplementert med styresmaktene si fullstendige neglisjering av alle rettar som folket har til utvikling? Tilgjengeleg statistikk viser imidlertid at utviklinga i Xinjiang (for alle folkegrupper) er under rask utvikling, både når ein samanliknar regionen med andre deler av Kina og med omkringliggjande land. Driv styresmaktene både med utvikling og avvikling i Xinjiang?

Skuldingane om folkemord i Xinjiang blir vanskelege å forklåra i ljoset av fylgjande fakta:

Under pandemien fram til no har Xinjiang (folketal 25 millionar) registrert færre enn tusen smittetilfelle og tre dødsfall. Forventa levealder i regionen er 75 år, og denne har gått opp over sju prosent dei siste ti åra, og det er gjort store investeringar i helse på landsbygda. Det uigurske folketalet i Xinjiang har gått opp dei siste ti åra, medan det har stagnert for hankinesarar i same region. Er det logisk at styresmakter som driv med folkemord samstundes satsar ressursar både i kampen mot viruset og tiltak for betre helse?

Brutto nasjonalprodukt (BNP) i Xinjiang har dobla seg dei siste ti åra, med over tre prosent vekst i 2020. BNP per innbyggjar i Xinjiang er langt høgare enn naboland: Mongolias årlege BNP per innbyggjar er kr 36000, i Pakistan kr 9850, i Tadsjikistan og Kirgistan kr 9300, i Afghanistan kr 4750, medan årleg BNP per innbyggjar i Xinjiang er kr 71500.

Ville styresmakter som driv med folkemord kunna visa til slik utviklingsstatistikk?