Whataboutism

18.06.21 11:43 By Kleppar

Eit forsvar for "whataboutism"

Å anklaga Russland og Kina for «whataboutism» er populært for tida. «Og kva med deg då» er det retoriske grepet der ein svarar på kritikk med motkritikk.


Ifylgje vestlege media er dette totalt uakseptabelt – men kvifor? Her er mitt forsvar for whataboutism:

Vestlege media har som oftast som underliggjande premiss at deira kritikk er rettmessig og faktabasert, medan Russland og Kinas motsvar utelukkande er substanslaus retorikk. Empirien forsvarer ikkje ein slik premiss; det er nok å minna om påskotet for krigane i både i Irak og Libya.


 Vestlege land sørgjer som regel for at deira kritikk alltid kjem fyrst ut («å ta opp» uønska fenomen hos motparten er standard vestleg diplomatisk diskurs), og ein kan då lettvint avfeia alle motsvar som tom retorikk og utanomsnakk.


Det er også velkjend vestleg teknikk å demonisera ikkje-vestlege leiarar, der Putin driv med giftmord og Xi med folkemord, for slik å fråta deira leiarskap rasjonalitet og legitimitet. Personifisering og reduksjon av all politikk i ikkje-vestlege land til einpersonstyre er også vanleg – i vestleg presse er Russland Putin, medan Kina er Xi Jinping. Verken russarar eller kinesarar kjenner seg att i slike karikaturar.


Men Vestens avvising av kritikk mot seg sjølv stikk djupare:

For det fyrste historieløyse; når G7-landa kritiserer Kina for å vera aggressivt, har dei då gløymt at seks av desse landa angreip Kina militært for litt meir enn hundre år sidan. Ser dei bort frå at alle sju har teke del i uprovoserte angrepskrigar dei siste tretti åra? Vestlege freistnader på å forminska Sovjetunionens innsats under andre verdskrigen og forstørra sin eigen, er heller ikkje gløymt av Russland.


For det andre er Vesten van med å vera lærar, med andre land som student i eit uendleg utdanningslaup. Vestlege land meiner at det bare er Russland og Kina som kan læra av oss – våre reglar og våre verdiar - og aldri omvendt. Men det moderne Russland og Kina aksepterer ikkje lenger eit slikt asymmetrisk forhold. Når Kina no har styrke og tillit til å svara på grove og lite dokumenterte skuldingar er dette brått «ulvekrigar-diplomati».


For det tredje har vestlege politikarar ikkje lært diplomatisk folkeskikk – som når norske politikarar får ei liste av ting dei skal ta opp med verten når dei dreg til Kina. Denne dårlege folkeskikken såg me sist praktisert for open mikrofon av Blinken i møte med Jiang Jiechi i Alaska; Bidens karakterstikk av Putin som mordar er også døme på mangel på diplomatisk folkeskikk.


I den grad vestlege land svarar på kritikk og ikkje avfeier det som whataboutisme, viser ein gjerne til sine edle motiv og «gode hensikter».


Alternativt svarar Vesten på kritikk ved å visa til sitt mangfaldige, opne og komplekse demokrati, som tilfellet er når ein skal forklåra ressursrike vestlege lands katastrofalt dårlege handtering av pandemien. For oss som har observert vestlege land frå utsida det siste årer er inkompetanse ei mykje meir opplagt forklåring.


Denne inkompetansen i handtering av den pågåande pandemien avslører også mangel på audmjuke. Flest menneske har døydd av covid-19 i den rike delen av verda. At desse landa har tapt moralsk truverde når dei kommenterer andre lands handtering av menneskerettar burde vera opplagt, men likevel har dei skamvit til å kritisera land som i langt større grad enn vestlege land har verna liv – den ultimate menneskerett - under pandemien.


Skulle Solbergs pandemitiltak, som går for å vera relativt vellukka, vore praktisert i eit land med 1,4 milliardar innbyggjarar, kunne det vore over tretti millionar smitta og nesten to hundre tusen daude. Tilsvarande ville USAs metode praktisert i Kina ført til over tjue millionar daude. Men å minna vestlege land om dette er vel også whataboutism?


Media og politikarar i vestlege land elskar å peika på problem med andre lands system, men nektar å vedgå at eigne problem kan vera systemiske og grunnleggjande; til og med på tampen av pandemien er det lite som tyder på ei ransaking utover ein undersøkjingskommisjon, som i høgda fører til visse justeringar.


Til sist: Whataboutism er ikkje-vestlege lands utveg og metode for å skapa eit minstemål av balanse og symmetri i forhold mellom statar og folk. Når vestlege land legg bort arrogansen og hangen til å kritisera andre er det god grunn til å tru at det også blir mindre whataboutism i internasjonal politikk.


Prisen for den største whataboutismen det siste året går forresten ikkje til Russland eller Kina, men til Vestens interesse for laboratorielekkasjeteoriar for å forklåra opphavet til covid-19 når ein heller burde konsentrert seg om problemløysing i fellesskap.


Jesu lære, som dannar grunnlaget for Vestens i hovudsak kristne sivilisasjon var heller ikkje ukjend for whataboutism, forresten, når han anklagar oss for å sjå splinten i vår brors auge, men ikkje bjelken i vårt eige.