Frå NATO-sosialisme til vegringssosialisme
Det er over sytti år sidan det norske sosialdemokratiet valde å alliera seg med gjeldande hegemon USA og underbruket NATO. Det har vore ei ulukke, og langt på veg gjort dette partiets internasjonale freds- og solidaritetsarbeid illusorisk.
Det norske sosialdemokratiet har stort sett godteke Vestens dominerande, men akk så forfeila «visdom» om kva som skal til for at utviklingsland skal ha økonomisk og materiell framgang.
Diverre er sosialistar til venstre for AP ikkje så mykje betre; Arbeiderpartiets rosa velferdskapitalisme i skuggen av hegemonen USA er no avløyst at den moderne venstresidas vegringssosialisme.
Vegringssosialisten er imot mykje, men nesten bare for det som står i eige partiprogram, altså ein teoretisk sosialisme.
Vegringsosialisten støttar aldri land som kallar seg sosialistiske eller anti-imperialistiske, til det er røyndommen for kompleks. Til nøds kan vegringssosialisten støtta folkelege fridomsrørsler, men bare dei aller mest makteslause. Eksempelvis er støtta til det palestinske folket massiv, men eg vil tru at vegringssosialisten brått vil avslutta støtta si om kampen var mindre asynkron, eller om Palestina blei ein verkeleg stat, fordi ein då måtte ta stilling den skitne røyndommen - anti-imperialistiske/sosialistiske land i ein tidleg fase er ofte kaotiske, og tidvis både korrupte og autoritære. Slike ovringar vil falla vegringssosialisten altfor tungt for brystet.
Ein god del land i verda kallar seg sosialistiske, men ingen av desse gjer seg fortent til vegringssosialistens støtte. Til nøds kan slike land fungera som eksempel på kva sosialistiske land ikkje bør gjera, evt. som «råvare» for eit venstristisk diskusjonsforum. Med unntak at Palestinasaka er det omtrent uråd å finna eitt tydeleg internasjonalt standpunkt for noko på den norske venstresida (men plenty kva ein er imot). Kor er vår støtte til land, langt frå perfekte, når dei hevdar sin rett og ikkje vil underordna seg pax americana og Vestens ideologiske hegemoni – Iran, Syria, Kina, Nord-Korea, Cuba, Libya under Gadaffi, osv.?
Venstresida lid av ei sjuke som me bør kvitta oss med snarast – den at bare land som er bortimot utan feil er verd vår støtte. Det kristendommen var for Ibsens Brand er sosialismen for norske sosialistar – han kan visst aldri bli rein nok, og må for all del ikkje blandast med den kaotiske røyndommen!
For vegringssosialisten eksisterer ikkje sosialismen som praktisk system nokon stad, bare i eige partiprogram, tankar og planar.
Venstresida har langt på veg akseptert det vestlege synet om at det er valdemokrati og individuelle menneskerettar som er vegen til sosialismen. Kor er vårt forsvar for land som prioriterer annleis; der kollektive rettar som helse, utdanning, pensjon og jobb er viktigare enn individuelle rettar som ytrings- og forsamlingsfridom, eller der sosialismen er sterkt farga av landets særeigne kultur?
Eg saknar venstresidas høglytte protest mot journalistar og akademikarar som gjer all urett i sosialistiske land til fundamentale systemfeil, medan tilsvarande feil i kapitalistiske land går fri som uheldige mistak som ikkje har noko med systemet å gjera.
Eg saknar venstresidas skepsis mot alle menneskerettsrapportar relatert til sosialistiske land med opphav i Vesten eller finansiert med midlar frå Vesten; dei har nesten alltid ein annan agenda enn bekymring for menneskerettar.