Typisk norsk...

09.02.21 02:01 By Kleppar

Det er typisk norsk å tru ein er best


For oss som bur i Asia og fylgjer med i norske massemedium er det interessant å leggja merke til kor tilfredse norske politikarar i det store og heile er med sin eigen innsats i kampen mot koronaviruset. Ja, den norske koronastatistikken, i europeisk samanheng, er slett ikkje verst. Å vera best blant mange dårlege er sjølvsagt ein slags siger....


Dei mangfaldige og skiftande norske tiltaka gjev også skin av politisk effektivitet,  sjølv om tiltaka målt over dei siste ti månaders utvikling må seiast å vera lite effektive.


Dinest observerer eg at Noreg er eitt av få land som held liv i munnbind-skepsisen (ref. siste analyse frå Folkehelseinstituttet der ein slå fast at munnbind har «liten til middels smitteverneffekt»). Her er Noreg i sin åleingang nesten på nivå med klimaskeptikarane.


Folkehelseinstituttet har slått fast at avstand er eitt av dei beste tiltaka. Til det er å seia at avstand er eit tiltak som er lett å gjennomføra i store deler av landet; for det fyrste fordi det er sers låg folketettleik i Noreg  - 14 personar per kvadratkilometer, mot 376 i Belgia. For det andre har me også sers mykje butikkareal per innbyggjar, så det er ikkje så vanskeleg å halda god avstand på den daglege handlerunden. Derimot er norske utestader ofte tronge og små, så det er vel ikkje utan grunn at restriksjonar for utelivet blir vurdert som sers effektive av folkehelseinstituttet.


I ein asiatisk eller europeisk storby med mykje folk er det ikkje råd å halda ein til to meters avstand; her i Beijing let dette seg ikkje gjera verken på  på bussar, t-bane, kontor, restaurantar eller i butikkar; evt. måtte ein begrensa inntak av kundar og passasjerar, noko som ein praktiserte for om lag eitt år sidan, men gjekk bort frå etter kort tid.


Oslo og andre europeiske storbyar er prov på at det er sers vanskeleg for tette bysamfunn å fungera normalt om ein skal insistera på strenge avstandsreglar. Derimot er det fullt mogleg for eit bysamfunn å fungera nokonlunde normalt utan strenge avstandsreglar,  men med aktiv bruk av munnbind. Opne byar mest utan smitte, som Macau, Shanghai og Beijing er prov på dette.


Her er ei samanlikning mellom Macau (verdas tettast befolka byområde) og Oslo; desse to byane har tilsvarande levestandard. Oslo bruker den norske modellen for smittetiltak, som går under fleire namn - «slå ned» blir gjerne brukt, men i praksis er det ein metode som skal halda smitten under kontroll og i balanse med sjukehuskapasiteten. Macau nyttar den kinesiske modellen for dynamisk utrydding av viruset; ingen smittetilfelle er rapportert på nesten eitt år i Macau; Oslo registrerer fleire titals smitta per dag for tida (feb. 2021).


område

areal (km2)

folketal

tettleik per kvadratkilometer

smitta

daude

Oslo

480

950.000

1.500

17.600

90

Macau

30

655.000

22.000

47

0


Folkehelseinstituttet hevdar at det er summen av tiltak som er viktig. Då er det eit paradoks at i dei koronafrie storbyane i Kina er tiltak som endrar sosial åtferd sers få – eg kjem omtrent ikkje på anna enn bruk av munnbind. Så kan ein sjølvsagt seia at kinesiske byar maktar å stoppa viruset ved bygrensa, slik at byen innanfor er virusfri, og at tiltaka her i Kina er få og målretta, medan dei er mange og meir generelle i Noreg. 


Vel, siste ord er nok ikkje sagt om nyttige og unyttige tiltak. Min førebelse konklusjon er at me ikkje har så mykje å skryta av i Noreg.