Politiske parti i Kina

20.10.20 12:23 By Kleppar

Kvifor er det bare eitt politisk parti i Kina?

Heilt sant er det ikkje at det bare er eitt politisk parti i Kina - meir korrekt er det vel å seia at det bare er eitt styringsparti.

Me kan vel vera samde om at politikkens mål er å byggja eit godt samfunn for det store fleirtalet av folket som bur der; så vil det gode samfunn alltid vera eit dynamisk mål; det vil også vera litt ulik oppfatning av kva eit godt samfunn er, men kanskje mindre skilnad enn ein skulle tru. Det gode samfunn har gjerne med nokre hovudingrendiensar så som rett til helse, utdanning, stabil inntekt, tilgang til natur, reint vatn og rein luft, og nokre grunnleggjande individuelle og kollektive rettar. Gode samfunn kan byggjast med ulike politiske system, dei fleste system er kompromiss mellom nye idear og tradisjonell kultur, slik også vårt eige system er.

Politiske parti i eitkvart land har ikkje serleg lang historie (om lag 140 år i Noreg); verken parlamentarisme eller partisystem var opphaveleg del av nokon grunnlov, heller ikkje den norske. Det gamle Kina blei styrt av ei forvaltning under keisaren. Det moderne Kina (også under republikken før kommunistpartiet overtok) har vore styrt av eitt parti og ei forvaltning under denne, så Kina har aldri hatt meir enn eitt parti.


Både i Norge og Kina er det partimedlemmer som styrer landet politisk; i vårt land er omtrent 2 % av folket aktive medlemmer i ymse politiske parti (SSB), i Kina over 5 % (90 mill.) i det eine partiet. Folk kan røysta på parti i tillegg til å vera medlem i Noreg; i Kina kan ein ikkje røysta, bare vera medlem (og soleis ta del i det om er av medlemsdemokrati). Me vel stortingsrepresentantar, men ikkje regjering; alle ministrar er utpeikte, ikkje folkevalde. 

Er fleire parti ein føresetnad for godt styre?
Nei, ikkje nødvendigvis. Vanstyrte land kan ha svært mange parti, og vanstyret kan utøvast til og med om alle val blir gjennomførte utan fusk.

Er fleire parti ein føresetnad for politisk mangfald?
Ikkje nødvendigvis; USA har to svært like parti i praktisk politikk, sjølv om innpakninga er ulik. Det same kan seiast om dei to "styringsblokkene" i Noreg - kan ein me handa på hjarta seia at det er stor skilnad på livet under Jens samanlikna med Erna?

Er valdemokrati og fleire parti ei forsikring mot diktatur?
Nei, Hitler blei i fyrste omgang vald; nynasjonalistiske parti i mange land kan i praksis bli valde og danna regjering.

Er valfridom betre enn monopol?
I eit litt vidare perspektiv kunne me spørja om valfridom alltid er betre enn monopol. Høgrefolk vil nesten alltid svara ja - valfridom er bra for utdanning, helse, vareutval, eldreomsorg osv., meiner dei. Me sosialistar vil argumentera imot dette synet; me ynskjer ikkje valfridom på mange område, så som utdanning, helse, omsorg, osv. Me hevdar at det offentlege skal tilby tenester som er gode nok, og som ikkje treng målast med, eller konkurrera med, tilsvarande private tenester.

Dei kinesiske sosialistane går eitt steg lenger enn oss norske sosialistar - dei hevdar at på same vis som det er godt nok med ei forvaltning, eitt politi, eitt fengselsvesen, eit helsestell osv., er det også godt nok med eitt stort, mangfaldig og styringsdyktig parti. Dei vil seia konkurrerande parti som til alle tider fremjar alternativ politikk er til hinder for sameint målretta innsats, er sløsing med ressursar, hindrar langsiktig planlegging, opnar for populistiske utspel, hindrar gjennomføring av nødvendige, men upopulære tiltak, osv.

Her er eit oversyn og ting i samfunnet som kan vera monopol eller val i Norge og Kina. Andre land ha bare to parti, lovgjevande forsamling med to kammer, privat fengselsvesen, forsvar supplert med private leigesoldatar, privat helsevesen, osv:

kategoriNoregKina
politiske partifleire partieitt parti
lovgjevande forsamlingforsamling med eitt kammerforsamling med eitt kammer + konsultativ komité
politieitt offentleg monopoleitt offentleg monopol
forsvareitt offentleg monopoleitt offentleg monopol
forvaltningeitt offentleg monopoleitt offentleg monopol
utdanningprivat og offentlegprivat og offentleg
helsesystemhovudsakleg offentleghovudsakleg offentleg
fengselsveseneitt offentleg monopoleitt offentleg monopol
eldreomsorgoffentleg og privatoffentleg og privat
barnehageoffentleg og privatoffentleg og privat

Eg trur ikkje det vestlege fleirparti-valdemokratiet er "the end of history", imidlertid er det altfor enkelt å seia at fleirpartistyre alltid er betre enn eittpartistyre. Både Japan og Singapore er velfungerande samfunn som i praksis er styrte av eitt parti. 

Heldigvis er siste ord ikkje sagt.