Ny båt for Storhaug båtdelingslag

21.10.20 8:28 By Kleppar

Kernic er ferdigbygd

Storhaug båtdelingslag  er klar med sin fyrste båt: Kernic, etter teikningar av den kjende franske båtkonstruktøren François Vivier, blei bygd i løpet av våren 2020 ved Ryfylke båtbyggjeri. Båten blei bygd i epoxy/kryssfinér.


Båten er ein stødig familiebåt, konstruert for å tola den franske atlanterhavskysten og bygd lokalt for turar i fjordane rundt Stavanger - opp til fire personar kan ro båten samstundes, og han kan også riggjast for segling. Med 5,7 meters lengde og 1,7 meter breidde er det plass til to familiar om bord. Hovudmast og storsegl utan bom kan heisast i løpet av minuttar, også i sjø. Mesanseglet stabiliserer ved roing. Kven veit - med tida kan det også bli råd med ein enkel motor for dei makeleg disponerte. Båten er synkefri, med vasstette skott både akterut og forut.