Noreg overgår Kina

26.03.21 03:24 By Kleppar

Noreg overgår Kina i antall smittetilfelle

I desse dagar (slutten av mars 2021) overgår Noreg Kina i totalt antal Covid-19-smitta – om lag 90.000 for begge land. Medan antal daude seier noko om behandlingsmetodar og sjukehuskapasitet, seier antal smitta noko om kor effektive smitteverntiltaka er. No under bylgje nummer tre blir me minna om kompleksiteten i å gjennomføra effektive tiltak, serleg blant visse grupper. Men Kina, med sine store kulturelle og materielle skilnader internt, med eit folketal 264 større enn det norske, eit flatemål 25 gonger større enn Noregs, og grense til fjorten land, mot Noregs tre, har fått smitten under full kontroll, med om lag ti importsmittetilfelle per dag og om lag 160 aktive smittetilfelle for tida.


I mine nesten tretti år i næringslivet har eit utal teoriar vore på mode – japansk-inspirert kvalitetsstyring, «den lærande organisasjon», balansert målstyring, «benchmarking», «beste praksis» og mange fleire; mykje at dette tankegodset har også skvalpa over i forvaltninga. Noko av dette har hatt varig verdi, men mykje har vore bortkasta, men kanskje står ein att med at organisasjonar og styringssystem som skal ha eit langt og framgangsrikt liv må læra og tilpassa seg.


Eitt kjenneteikn ved det siste årets pandemi er at det er eit svært stort sprang med omsyn til smittevernsuksess mellom ulike land; det er heller ikkje slik at suksess har samanheng med materiell velstand eller politisk system.


Dette burde pirra alle med interesse for organisasjonsbyggjing og samfunnsstyring: Kva er andres suksessfaktorar, og kan desse overførast til oss? Underleg nok har ikkje dette skjedd. Det har vore sporadiske, ideologisk farga artiklar der ein skriv pent om øysamfunna Taiwan, Australia og New Zealand, men ser bort frå land som Vietnam, Laos og Kina. 


Det har også vore liten interesse for å finna ut i kva grad val av strategi er avgjerande for suksess, sjølv om alle med bakgrunn i offentleg og privat styring veit kor viktig val av rett strategi er. At det er den kinesiske utryddingsstrategien som har vore inspirasjon og modell for mange samfunn blir heller ikkje nemnd i serleg grad.


Kinesiske storbyar med høg sysselsetjing både blant kvinner og menn, eit godt utbygd transportnett, relativt høg levestandard, god bustandard, ein godt utdanna befolkning, eit digitalisert kvardagsliv, og eit helsetilbod som er universelt tilgjengeleg, er slett ikkje så ulike mange norske byar. I praksis er alle kinesiske storbyar koronafrie, og har vore det i snart eitt år. Dei kinesiske tiltaka har vore ei blanding av enkle, men effektive administrative tiltak og noko meir avanserte teknologiske tiltak, og sett over eitt år mykje mindre inngripande enn det som har vore praktisert i Noreg.


Etter læreboka burde mange av Kinas effektive tiltak ha stor overføringsverdi. Men kvifor ikkje Oslo, med 700.000 innbyggjarar og 27000 smitta har noko å læra av Macao, med 655.000 innbyggjarar og 48 smitta, er underleg.


Det er freistande å konkludera med at den norske og vestlege motviljen mot å læra skuldast ideologi og hybris, og at norske og vestlege politikarar er vane med å belæra, men ikkje å læra; det er som å drukna fordi ein nektar ta imot ei livbøye med feil farge.