Lærdom

17.02.21 03:26 By Kleppar

Eitt år i Kina - kva har eg lært?

I skrivande stund har me budd over eitt år i Kina - frå byrjinga av november 2019 fram til no. Få dagar før planlagt heimreise i slutten av februar 2020 byrja det som skulle blir kjent som Covid-19-pandemien. Vaksinering er no i gang, og me ser etter kvart byrjinga på slutten av pandemien. Det har vore ei lærerik tid, her kort oppsummert:
  • eg har opplevd gleda av å vera to i lag
  • eg har fått sers god tid til å lesa og høyra på musikk
  • eitt år med lite reising går heilt fint
  • eg har opplevd at det fint går an å bu på mindre enn femti kvadratmeter
  • eg har hatt tre båtar under bygging (to i Noreg og ein i Polen); her byd det alltid på problemløysing, planleggjing og logistikk
  • eg har opplevd vestleg propaganda på sitt mest ufine (tidleg fase av korona-krisa) og sitt mest usanne (lygna om folkemord, tvangssterilisering og tvangsabort i Xinjiang, ja, i tillegg til lygna om Kinas aggressive globale hensikter)
  • eg har lært at vestlege politikarar er gode på prat og juss, men dårlege på styring, samanlikna med styresmaktene her, som kan hende er dårlegare på det fyrste, men mykje betre på det andre
  • eg har lært at i krise er det resultata som tel, ikkje fine ord og fagre løfter; at Kinas vellukka og effektive pandemitiltak, kompetente økonomistyring, kritiske leveransar av medisinsk utstyr (og no vaksiner) til resten av verda, samt fattigdomsbekjemping i eige land - alt dette på samme tid - er eit mykje større gode for verda enn feil som landet måtte ha og som vestlege media brukar uhorveleg mykje tid på å skildra
  • eg har opplevd kinesisk sivilisasjon på sitt beste i form av eit folk som jobbar på lag med styresmaktene i kampen mot koronaviruset, sjølv om Vestens media freistar gje inntrykk av det motsette
  • til sist har eg lært verdien av å ha eit blikk på kloden vår frå ein annan verdsdel enn Europa, og med perspektivet til eit land som er praktisk, ikkje retorisk, solidarisk med dei mange land som me kallar utviklingsland