Kinas økonomi under og etter korona

05.04.20 7:04 By Kleppar
Er vestlege økonomar treffsikre om Kinas økonomi?

Økonomar kan vera gode navigatørar når kursen skal stakast ut over korte avstandar. Deira modellar og økonometrikk er mykje mindre treffsikre når ein skal navigera i ukjent terreng over lengre avstandar fram i tid. Denne teksta er skriven av ein ikkje-økonom som har drive næringsverksemd i Kina, med kulturell, språkleg og praktisk kunnskap om det kinesiske samfunnet over dei siste førti åra. Skribenten har også lese mange nok bøker om kinesisk økonomi frå eit vestleg perspektiv til å veta kor feilaktige mange har vore i sine konklusjonar. Trur du på økonomars evne til treffsikre spådommar om framtida kan du avslutta lesinga her.

I desse koronatider er det fånyttes å ha økonomiske vekstmål – overleving og stabilitet får vera fyrsteprioritet no. Interessant nok får me endeleg bekrefta eller avkrefta ein av vestlege økonomars mest seigliva teoriar om Kinas økonomi: At veksten i BNP dekkjer over og kompenserer for alle veikskapar i det politisk-økonomiske systemet, og at desse veikskapane vil komma til syne så snart veksten stoppar opp.

I skrivande stund, altså mai 2020, er det kinesiske samfunnet i ferd med å normaliserast. Fugong fuchan – gjenoppta jobb, gjenoppta produksjon – har vore det industrielle slagordet i fleire veker alt, medan opninga av resten av samfunnet skjer meir gradvis og kontrollert. Her i Beijing er dei fleste butikkar og utestader opne no, rett nok med munnbind- og temperaturkontroll ved inngangsdøra. Barnehagar og skular er framleis stengde, og folk går gradvis tilbake til jobb. Det er framleis kontroll av trafikk inn i nabolag; alle køyretøy blir stoppa, og folks temperatur blir sjekka.


Kva slags økonomisk system er det kinesiske?

Kina kallar sitt system sosialisme med kinesiske særmerke. Systemet har teke opp i seg element av sosialistisk planøkonomi, konfusiansk sosialetikk og kapitalistisk marknadsøkonomi. Kommunistpartiet, som kombinerer politisk leiarskap og forvaltning, er involvert i alle deler av samfunnet, med profesjonelt, meritokratisk og ansvarleggjerande leiarskap, gode både på vedtak og gjennomføring. Ta for deg utdanning og erfaring til norske politikarar og samanlikna med tilsvarande kinesiske (eg har gjort det på ministernivå). Der halvferdig utdanning og marknadsføring er ganske vanleg utdanningsnivå for ein norsk politikar, vil ein tilsvarande kinesisk har master- eller doktor grad. Der norske politikarar har erfaring frå lobbyverksemd og rådgjeving har kinesiske politikarar tung røynsle frå forvaltninga. Kinesiske politikarar får råd av og konsulterer aktivt eit stort miljø av tenketankar og forskingsinstitutt.


Det kinesiske økonomisystemet er ikkje eit halvdaudt system som kollapsar så snart ei krise melder seg, som ofte har blitt spådd i Vesten. Finanskrisa i 2008 og koronakrisa i 2020 har vist at systemet er ganske så vitalt. Metaforisk kunne me seia at systemet ikkje er å likna med eit innholt, halvrotna tre, men eit tre som har røter som går både vidt og djupt,  og greiner som strekkjer seg høgt og vidt. 


Kulturelle føresetnadar

Det er ikkje så lenge sidan eit materielt enklare liv og ein mindre utbygd velferdsstat var ein realitet i Kina. Dette, kombinert med det kinesiske folkets relativt store tru på og tillit til sentrale styresmakter (godt dokumentert) gjer kan hende noko med både omstillingsevne og offervilje i ein vanskeleg situasjon.


Helsesystemet

Kina har eit grunnleggjande helsesystem for alle med eit årleg tak på eigenandel for medisinar og konsultasjonar, og ei eigabetaling på 5-15 % for sjukehusopphald. Systemet er offentleg, og er finansiert i form av ei tvungen innbetaling både frå arbeidgjevar og privatperson (gratis for pensjonistar). Noko av det første styresmaktene gjorde då det var klart at ein stod overfor ein alvorleg epidemi var å gjera klårt at private personar ville få all behandling gratis. Dermed var det ingen grunn til å venta med å gå til lege av frykt for helseutgifter. Frå og med juni 2020 vil ein helselov som etablerer rett til helse for alle bli iverksett.


Personleg økonomi

Dei fleste kinesarar har til ei kvar tid sparepengar tilsvarande minst to-tre månaders løn. I dei store byane er oppsparte midlar tilsvarande minst ei årsløn ikkje uvanleg.

Nedstenginga av Kina skjedde rundt kinesisk nyttår, som er ei tid då ein vanlegvis bruker mykje pengar, og denne summen blei spart i år. Det er også vanleg å få utbetalt ein årsbonus rett før kinesisk nyttår som kom til god nytte i år. Tenk deg ei avlyst julefeiring og kva denne ville representert i redusert forbruk! Så ubrukte «feriepengar» og pengar i banken gjorde krisa lettare for vanlege folk enn i samfunn der pengar frå lønnsarbeid betaler for dagleg forbruk (India og delvis USA), eller samfunn der lønnsarbeid betaler for lånefinansiert velstand (Norge).


Bønder, som er frittståande matprodusentar, har truleg klart seg godt, fordi både matforsyning, handel og logistikk har fungert godt. Dei kan også delvis leva at maten dei sjøl produserer, og har derfor hatt mindre behov for kontantar.

Tilsette som har jobb i større private, kollektive selskap eller statlege verksemder, har i alle fall hatt ei grunnlønn under nedstenginga, og det er grunn til å tru at desse verksemdene fungerer som før når krisa er over. Ein del tilsette har også hatt heimekontor med full lønn. Tilsette i mindre verksemder som har mista jobben har truleg brukt eigne sparepengar under nedstenginga. Me veit ikkje kor mange av desse verksemdene som vil halda fram og gje arbeid etter krisa.

Pensjonistar er det mange av i Kina - om lag tjue prosent av befolkninga i er over 55 år. Kvinnelege arbeidarar over 50, kvinnelege funksjonærar over 55, og menn over 60 er alle pensjonistar. For desse gruppene har det økonomiske livet gått som normalt – dei har ein skattefri pensjon, varierande frå ein region til ein annan; her i Beijing er typisk skattefri pensjon mellom seks og ti tusen kroner per månad.

Dei utanfor arbeidslivet

Det kinesiske folket er stort sett i arbeid. Arbeidsløysa er låg, og det er heller ikkje ei stor gruppe uføretrygda, som i Norge. Arbeidsføre utan arbeid er stort sett forsørgja av familien.

Studentar

Skulepengar på kinesiske universitet og høgskular er relativt låge. Når ungdom er klare for utdanning etter vidaregåande skule har familien spart for dette i mange år, slik at finansieringa er sikra på førehand. Dei fleste studentar er heller ikkje avhengige av ekstrajobb for å finansiera studiar. Korona representerer derfor inga anna krise for denne gruppa enn bortfall av vanleg undervisning i ein periode.

Næringslivet

Den delen av næringslivet som leverer til den kinesiske marknaden vil truleg klara seg, fordi dei med kjøpekraft – dvs. store grupper av tilsette og delvis pensjonistar, har komme frå krisa utan store problem.

Det eksportretta næringslivet vil truleg ha større problem, og her er det grunn til å tru at styresmaktene dels kjem med direkte hjelpetiltak, dels oppfordrar til å retta eksport mot regionar som er mindre prega av ei kommande krise. Sagt med eit standard norsk slagord er kinesisk industri god til å omstilla seg; frå luftfilter til munnbind, frå motekjolar til isolatfrakkar osv. På same vis vil industrien vera i stand til å endra produktvalet frå produkt tilpassa vestleg forbruk til produkt tilpassa forbruket i afrikanske land. Ei slik omstilling vil ta tid, men er ikkje urealistisk å få til.


Makroøkonomien

Internt: Trump-administrasjonens og fleire vestlege lands mangel på aksept av Kinas tekniske kompetanse (t.d. innanfor 5G) har så langt vore eit økonomisk tap, men ei strategisk gåvepakke til Kina; kan hende er korona-krisa ein tilleggsbonus. Resultatet har i alle fall vore at Kina har sett i gang ei storstilt utvikling for å bli teknologisk uavhengig av Vesten – det gjeld integrerte kretskort, operativsystem (både for mobil og datamaskin), mellomdistanse passasjerfly osv. Det er all grunn til å tru at «Made in China 2025»-strategien , eller variantar av denne, vil halda fram endå meir målretta og med større ressursar.

Eit viktig stimulus-tiltak etter finanskrisa i 2008 var utbygging av høghastighets jernbanenett (no 30.000 km); det kan godt tenkast at liknande megaprosjekt blir sette i gang for å kompensera for tapt handel med Vesten etter koronakrisa. Akselerert utvikling av alternative måtar å produsera elektrisitet på er ein nærliggande kandidat for eit slikt megaprosjekt. Ei slik utbygging har alle ingrediensar som trengs for å sysselsetta både den utdanna og den ikkje-utdanna delen av folket, geografisk spreiing med utvikling i aust og utbygging i vest; stål og betong for bygging av høgspentmaster og kraftverk, teknologiutvikling, bygging transport-infrastruktur osv.

Globalt: USAs styrke er i form av militær slagkraft, bruk av US-dollar som handelsvaluta, ei generell tru på amerikansk økonomi, og tilliten til at landet er ein meir eller mindre rasjonell aktør som handlar til beste for seg sjøl og land som meiner seg tent med å leva under pax americanas vern.

Kinas styrke er finansiell og industriell; tilliten til Kina som ein «god global aktør» er veksande i det me definerer som periferi, men minkande i det me definerer som sentrum. Men med eit «sentrum» som ikkje har utmerka seg med verken samhald eller samarbeid er kan hende dette ikkje eit stort problem. Trass i Vestens iherdige forsøk på å diskreditera Kinas intensjonar generelt, og forsøk på å setja Kinas koronakamp i eit dårleg lys spesielt, er det mange nok land som opplever Kinas bidrag positivt. Når støvet har lagt seg trur eg Kinas vellukka handtering av koronakrisa vil gje landets kompetanse, ressursar, styringssystem og kriseleiarskap ein heilt ny legitimitet, først i vår periferi, men seinare også i vårt sentrum.


Avsluttande spekulasjon om framtida - ei multipolær verd?

Koronakrisa i Vesten vil i fyrste omgang gje ny styrke til Vestens frykt for Kina, og hindra oss i å observera at Kina med eit samfunnssystem som er meir idiosynkratisk, overflatisk mindre tiltrekkande, og mykje mindre universelt i sine ambisjonar, etter kvart framstår som ei vellukka diplomatisk stormakt som maktar å dyrka land-til-land vennskap i global målestokk stort sett fråverande militære trugsmål og sanksjonar.

Økonomiske problem i Vesten i kjølvatnet av koronakrisa kan på lengre sikt styrka Kinas strategi, som går ut på å trekka den globale økonomien bort frå den USA-dominerte «Atlanterhavs-strategien» og i retning av sin visjon for eit multipolært globalt samarbeid etter modell av «belte og veg»-strategien, slik at det amerikanske forsøket på ein alternativ indo-stillehavs-strategi med India som samlingspunkt vil stå att som ein bleik og mislukka imitasjon.