Ekspansjon

17.01.21 03:04 By Kleppar

Norsk og kinesisk ekspansjon

   

Avisene er fulle av påstandar om kinesisk og russisk ekspansjon. Sist ute var journalist Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad. I artikkelen «Byen på åskammen» 15. januar 2021 skriv han alarmerande om alternativa til det amerikanske fyrtårnet; han finn ikkje mykje å gleda seg over, verken i India, Russland eller Europa. Han skriv mellom anna: «Og Kina har nå ekspansive og globale ambisjoner».


Det kan tenkast at Birkevold har sin private definisjon av omgrepet ekspansjon, men vanlegvis meiner me territorial ekspansjon, gjerne i form av kolonisering, annektering eller militær invasjon. Eg skal ikkje bruka spalteplass på amerikansk ekspansjon; denne har sikkert Birkevold også gode kunnskapar om.


No kan det hende at Birkevold meiner at handelsverksemd er ekspansjon, og at det faktum at Kina er verdas største handelsnasjon er eit prov på ekspansjon, men det er i såfall ein kreativ bruk av ordet. Så burde vel også den norske fiske- og gasseksporten vera «ekspansjon»?


Kan hende meiner han ideologisk ekspansjon, men då er Birkevold skuldig å forklara på fornuftig vis korleis den sereigne kinesiske samfunnsvarianten med konfusianisme som kulturelt lim, eittpartisosialisme som politisk system, og marknadsøkonomi som krydder i systemet, på noko som helst vis er eksporterbar. Svært mange samfunnsvitarar er samde om at den kinesiske modellen ikkje let seg duplisera eller eksportera; det er heller ingen ting som tyder på at andre land har prøvd dette, eller at Kina har oppmoda til dette. Tvert imot.


Eg vel å leggja til grunn den vanlege oppfatninga av kva ekspansjon er, ikkje Birkelunds særeigne variant. Ifylgje mine historiekunnskapar har ikkje Kina ekspandert territorialt dei siste hundre åra; tvert imot.


Dei sjøterritoriale krava i Sør-Kinahavet deler Kina med Taiwan (og andre land); dette er heller ikkje nye krav som skuldast ein ny kinesisk ekspansjon. Bygging av basar på skjer og holmar er heller ikkje noko Kina var det fyrste landet som starta med.


Når det gjeld ekspansjon er det forresten all grunn for nordmenn til å trø varsamt, og dei fleste norske politikarar vil også i dag forsvara den norske ekspansjonen i det tjuande hundreåret, delvis som fylgje av kvalfangstproteksjonisme, delvis som fylgje av polare skiturar, delvis som fylgje av ein allmenn vesteuropeisk ekspansjonspolitikk.


Dei norske bilanda rundt Antarktis – Bouvetøya, Peter 1s øy og Dronning Mauds land er omtrent så langt frå Noreg som det er mogleg å komma.


Jan Mayen, som ligg mykje nærare både Grønland og Island enn Noreg, blei okkupert av Noreg for om lag 100 år sidan, og deretter annektert.


Svalbard ligg nærare russisk territorium enn norsk, og var opp til 1920 ingenmannsland, men blei annektert av Noreg for om lag 100 år sidan; denne annekteringa omfatta også Bjørnøya, som andre land også gjorde krav på.


På trettitalet gjorde nordmenn forsøk på å okkupera Aust-Grønland; Danmark gjekk til sak i den internasjonale domstolen i Haag, og Noreg tapte.


Dei store havterritoria Noreg har sikra seg i Nordsjøen og i Barentshavet dei siste femti åra kan frå norsk synsstad karakteriserast som ein siger, men frå andre lands synsstad like gjerne som døme på norsk ekspansjon.


Når norske politikarar og journalistar uroar seg over russisk og kinesisk ekspansjon i det desse landa oppfattar som sine strategiske nærområde bør me minnast vår eiga ekspansive historie, og kor lågt refleksjonsnivået er om desse landevinningane.