Auget som ser

29.05.20 4:41 By Kleppar

Auget som ser - to kulturar, to samfunn

Etter å ha levd i nesten førti år i dei to svært kulturelt og politisk ulike samfunna Kina og Noreg har eg etter kvart komme fram til at det er få eller ingen universelle verdiar. Straks ein beveger seg litt bort frå reine naturvitskaplege fakta, fargar og påverkar kulturen alle våre verdiar; me kan ynskja at verdiane skal vera universelle, og til og med bli samde om ein viss universalitet, men straks ein skrapar i fernissen kjem den kulturelle "grunninga" fram.


Eg har komme fram til at det sosiale er ei meir meiningsfull kjerne for samfunnsbyggjing enn det individuelle. Koronakrisa provar dette til fulle.


Eg har komme fram til at det gjev mest meining for eit samfunn å ha eit økonomisk system med med ein eksplisitt rettferdsetos; ei form for sosialisme er so langt mest overtydande. Kapitalismen, i motsetnad til sosialismen, er ikkje interessert i samfunnet i det heile. At han kan bli tvungen til å vera meir sosial er ei anna sak.


Eg har komme fram til at eg heller vil bu i ei mangfaldig, multipolær verd (eg lever godt med både Russland, Kina, Iran, Venezuela, Cuba, og store deler av Afrika og Asia) enn i ei verd under Pax Americana og NATO. Eg trur ikkje på ei krigersk og hegemonstyrt verd der universelle "verdiar" skal forkynnast og pressast på alle. Det er i hovudsak bare Vesten som ser fiendar overalt. Minst av alt trur eg på NATOs doktrine om Responsibility to Protect; den har vore ei ulukke.


Auget som ser kan oppleva både kultur og samfunn vidt forskjellig. Lat oss sjå på religion og samfunnssystem som døme på dette:


Kristendommen sett innanfrå er forteljinga om ein kjærleg skapargud som elskar menneska so høgt at han ofrar sin eigen son, slik at mennesket etter syndefallet, gjennom si tru på dette offeret, skal kunna forsonast med guden for å unngå fortaping og gjenoppretta eit intimt forhold til guden som som far, son og heilag ande. Kristendommens bodskap er universell; den kristne gud tek aktivt del i menneskets lagnad på jorda. Kristendommen er kjærleiksreligionen.


Kristendommen sett utanfrå er forteljinga om ein hevngjerrig og nidkjær, sers så antropomorf og patriarkalsk skapargud som praktiserer universalisme gjennom favorisering av eitt folk (det jødiske), som gjennom eit kombinert menneske- og gudeoffer stiller det syndige mennesket overfor eit ultimatum: Tru på meg og mitt offer, eller bli dømt til evig pine og fortaping. Kristendommen er soleis ein hemn- og lydnadsreligion!


Auget som ser kan også oppleva politiske system vidt forskjellig:


Om ein analyserer det kinesiske politiske systemet frå ein vestleg synsstad er det uråd å komma til ein annan konklusjon enn at dette systemet er diktatorisk, udemokratisk og undertrykkjande. Her er ingen ytringsfridom, ingen organisasjonsfridom, ingen fridom til å fremja alternativ politikk utanfor apparatet til kommunistpartiet, osv. Det vestlege analyseapparatet ser på prosedyrar, juridisk rammeverk og formelle rettar for individet, og let desse vera førande for kva ein meiner om systemet. I mindre grad er ein oppteken av faktiske og gjerne kollektive rettar i form av utdanning, helsetrygd, pensjon, arbeid, rett til bustad, osv. Formalia trumfar substans!


Sett innanfrå er det kinesiske politiske systemet eit system som skapar politikk gjennom diskusjon og konsultasjon, ikkje gjennom konkurrande val. Systemet tek opp i seg både konfusiansk kultur og filosofi, sosialismens rettferdsetos og marknadsøkonomiens konkurranse. Systemet er meritokratisk, med store krav til både teoretisk og praktisk dugleik. Systemet er strengt, men rettferdig, og målet er materiell og kulturell utvikling av det kinesiske samfunnet med eit sterkt Kina som skal finna sin rettmessige plass i ei multipolær verd.


Sett innanfrå er det vestlege politiske systemet garantisten for demokrati, menneskerettar, regelbasert verdshandel og eit avansert økonomisk system. Krigar som Vesten engasjerer seg i er i beste fall humanitære redningsaksjonar, i verste fall mistak med gode intensjonar. Kristendommen er religionen som understøttar og legitimerer dei vestlege, universalistiske verdiane.


Det vestlege systemet sett utanfrå, t.d. med eit kinesisk blikk, blir gjerne evaluert med tanke på substans meir enn formalia; serleg no under koronakrisa er det mykje å undra seg over for ein kinesar som ser på Vesten:

  • det vestlege valdemokratiet er seindrektig og ineffektivt i store kriser

  • religion hindrar vitskapleg tilnærming til problem ein står overfor (spesielt tydeleg i USA)

  • det politiske systemet hindrar ikkje val av inkompetente leiarar; i dette systemet kan stemmesankingsdugleik vera viktigare enn leiarkvalifikasjonar

  • stilt overfor ei krise som no kjem høgverdige verdiar om menneskeverd i skuggen av økonomiske prioriteringar

  • spesifikt for USA: Kvifor har verdas rikaste land eit så dårleg helsesystem for vanlege folk?

  • det vestlege politiske systemet er like mykje styrt av lobbyistar og særinteresser med pengar som av veljarar