Aftenposten og Kina

21.08.20 1:28 By Kleppar

Om "Kina-ekspertar"
I det siste (t.d. 17. august 2020) har Aftenposten hatt fleire artiklar om Kina i typisk stil: Journalistisk avstandssynsing med kommentarer frå vestlege «Kina-ekspertar». Kor mange av dei som har fartstid frå Kina dei siste åra, eller som kan kinesisk, er eit ope spørsmål. Ville du stolt på ein «Amerika-ekspert» som ikkje kan engelsk og som sjeldan vitja landet? Her i Beijing observerer eg at kinesiske USA-ekspertar oftast kan engelsk, og har jobba eller forska ved ein amerikansk institusjon med engelsk som hovudspråk. Kor mange vestlege Kina-ekspertar kan påstå tilsvarande kompetanse for deira ekspertise?

Kinesisk aggresjon?
Aftenposten skriv at USA flyttar soldatar frå Europa til Asia. Frå før har landet omslutta Kina med militærbasar, og har nesten fire hundre tusen soldatar i Asia, men likevel er det Kina som er aggressivt, ifylgje Aftenposten. Ein underleg logikk. USAs militære omringing av Kina er godt dokumentert i John Pilgers dokumentarfilm "The Coming War On China".

Kina, som ikkje har vore i ein væpna konflikt dei siste førti åra er altså aggressivt, ifylgje Aftenposten; dette i motsetnad til USA/NATO, som har vore i meir eller mindre kontinuerleg angrepskrig i same perioden. Aftenpostens definisjon av aggresjon er sanneleg ikkje til å bli klok av!

Kritikk av andre land
Det offisielle Norge kritiserer ikkje viktige samarbeidsland (USA, Saudi Arabia osv.), sjølv om det kunne vore god grunn til det. Dette har med folkeskikk mellom land å gjera. Men Kina skal altså vera unntaket der handelen skal gå som normalt (vel, bortsett frå utestenging av kinesiske selskap når dei blir for dyktige), medan ein samstundes fordømmer politikken. Kanskje ikkje underleg at Kina reagerer på det?

Xinjiang
Den påståtte masseundertrykkinga av muslimar i Xinjiang har unison støtte frå Vesten, men underleg nok inga støtte frå muslimske land. Gravejournalistar i The Grayzone har gått påstandane etter i saumane og funne at grunnlaget for påstanden om ein million i fangeleirar er basert på nokre få intervju. Påstanden om massesterilisering av uigurkvinner kjem frå Adrian Zenz, ein kristen fanatikar «sendt av Gud», som driv bibelskulebasert «Kina-forsking»; han kan verken uigurisk eller kinesisk.

Kommunistpartiet
Aftenpostens lett nedlatande syn på det kinesiske folket gjev inntrykk av at det statsberande kommunistpartiet er eit framandelement som baserer sin legitimitet på kontroll, økonomisk vekst og nasjonalisme. Aftenposten skriv at Xi Jinping «bygget Kinas enorme vekst rundt sin egen person», sjølv om veksten dei siste førti åra aldri har vore så låg som under Xi Jinpings leiarskap. Færøvik, som ikkje har vore i Kina på ti år, hevdar om Kina at «de har radiomerket innbyggerne sine». Til informasjon har USA fleire overvakingskamera per innbyggjar enn Kina.

For Aftenposten har det gått hus forbi at det store fleirtalet av det kinesiske folket støttar opp om styresmaktene ikkje fordi dei har skapt eit valdemokrati etter vestleg mønster, men fordi dei skapar ein politikk som gjev sosial mobilitet, utryddar fattigdom, etablerer avansert teknisk og fysisk infrastruktur, byggjer ein velferdsstat, gjev stor fridom der 150 millionar reiser til utlandet kvart år (og nesten ingen søker politisk asyl), har eit dynamisk næringsliv, har forsking og utdanning i verdsklasse, og sist, men ikkje minst, er styringsdyktige under nasjonale kriser som no. For det store fleirtalet av det kinesiske folket er denne merittlista meir enn nok til å fortena deira støtte - men for Vesten held det altså ikkje mål.

Internasjonal påverknad
At Kina, med verdas største økonomi (kjøpekraftjustert), og den viktigaste handelspartnaren for meir enn hundre land, vil ha meir å seia internasjonalt, der det til no har vore nesten total vestleg dominans, burde ikkje undra nokon; heller ikkje Aftenposten. Årsaka er ikkje å finna i den sterke mann Xi Jinping eller eit aggressivt kommunistparti, som Aftenposten antyder, men historias gang, om ein mislikar det aldri så mykje.