Koronakampen: Asia og Vesten

02.04.20 4:59 By Kleppar

Koronakamp i aust og vest

Faktum: I kampen mot det same koronaviruset, som har vore like smittsamt heile tida, har Sør-Korea med eit folketal på over 50 millionar om lag 10.000 smitta, Beijing med folketal på 21 millionar har om lag 550 smitta, medan Norge med litt over 5 millionar har over 5.000 smitta. Kvifor så stor skilnad?

Ei rekke (bort)-forklåringar på denne skilnaden i suksess er lanserte, i hovudsak med vekt på kor ulike samfunna i Asia og i Vesten er. Men dette er eit lettvint argument som det ikkje er grunn til å festa mykje lit til. Og forskjellsforklåringar hindrar læring.


Samfunna i Asia med suksess i koronakampen er tvertimot ikkje så ulike mange land i Vesten – me har til felles moderne, sekulære samfunn med godt fungerande infrastruktur og forvaltning, relativ velstand, eit fungerande næringsliv og ein relativt godt utdanna befolkning.


Med base i Beijing dei siste fire månadane må det seiast at tiltaka her langfrå er så drakoniske som vestleg presse yndar å gje inntrykk av.


Den 20. januar blei det blei bekrefta at viruset smittar mellom menneske. Dette var den viktigaste datoen i korona-tidslinja. Få dagar etter blei inngripande tiltak sette i verk, også i Beijing – 1200 km frå Wuhan.


Tiltaka var i hovudsak administrative, dei fleste av dei ikkje serleg høgteknologiske. Mange av dei blei nølande kopierte av land i Europa, også Norge. Men på nokre område er det ein stor skilnad: I Kina blei det satsa store ressursar på tidleg oppdaging og tidleg diagnostisering. Smitta personar blei umiddelbart flytta til isolat borte frå heimen. Bruk av munnbind ute blant folk har vore obligatorisk frå fyrste dag.


Når norsk helsepersonell smittar pasienter må det kallast med sitt rette namn – amatørmessig. Av dei 40.000 helsearbeidarane frå heile Kina som blei sende til Wuhan, blei ingen smitta.


Norske styresmakter hadde full informasjon om det smittsame viruset i januar, og gode rollemodellar for korleis koronakampen skulle gjennomførast, og korleis ein kunne oppnå ein delsiger. Men lite og ingen ting skjedde dei neste seks vekene; derimot var det ein konstant straum av artiklar om asiatiske autoritære tiltak, om kor langsamt Kina reagerte i ein tidleg fase osv. Media har eit ansvar, men det har også norske styresmakter i deira tru på at koronaviruset respekterte landegrenser.