Korona-politikk

11.07.21 16:15 By Kleppar

LILLA LISTE OG LITE LIKTE LAND – NOKRE PANDEMISKE PARADOKS

Lenge levde eg i den trua at eit opplyst samfunn som Noreg ikkje tillet at folkehelse blir ein internasjonal politisk kasteball; at i ei global helsekrise er samhald og samarbeid på tvers av landegrenser viktigare enn å finna syndebukkar og å skapa mistillit.

Frå min ståstad i Kina – eit land som sløkte korona-brannen i same provins som han oppstod, som i over eitt år no bare har drive med "etterslokking" her og der -  der livet har gått tilnærma normalt like lenge, og som innan få månader vil ha fullvaksinert åtti prosent av sitt eige folk – er korona-kampen, slik me observerer han i mange andre deler av verda, Europa inkludert, ikkje serleg imponerande. Desto meir underleg er det at mange land som er sterkt råka av pandemien, ivrigast har teke del i kritikk av andre. Det lovar ikkje godt.

Tidleg kritikk

Alt tidleg i februar i fjor var det artiklar i norske media om «Wuhan-viruset» og Kinas påståtte skjuling, nøling og seindrektige deling av informasjon med resten av verda, og at dette var typisk for eit diktatur. Det gjekk ikkje lang tid før det blei tydeleg at det faktisk var omvendt; at nøling, venting, utsetjing og famlande mobilisering var typisk modus operandi i den vestlege verda, medan Kina faktisk identifiserte, rapporterte og åtvara om viruset, i tillegg til at ein utmeisla og sette i verk ein effektiv og varig strategi, i løpet av litt over ein månad.

Aldri før kan eg hugsa at det er blitt ført politiske kampanjar mot land der alvorlege smittsame sjukdommar har blitt oppdaga, slik tilfellet var mot Kina i fjor vinter.

Krav om gransking

I fjor vår tok Australia, og etter kvart andre land, Noreg inkludert, til orde for at det burde sendast ei inspeksjonsgruppe til Wuhan. Det var ganske tydeleg at formålet med ein slik inspeksjon, på eit så tidleg tidspunkt, og slik det var formulert, var å jakta på ein syndebukk snarare enn å jakta på sanninga.

Spekulative opphavsteoriar

Laboratorie-lekkasjeteorien blei hovudsakleg lagt daud for lenge sidan tid, men president Biden har no gjeve denne nytt liv, utan fnugg av bevis, også med Noregs støtte.

Tvil om vaksiner

Vestlege media har lenge sådd tvil om både russiske og kinesiske vaksiner, med påstandar om mangefull dokumentasjon og mindre effektivitet samanlikna med vaksiner utvikla i Europa og USA. Kina på si side har forklart at landets vaksiner er utvikla med vekt på tryggleik i bruk for mange aldersgrupper, heller enn maksimal effektivitet. Med tanke på massevaksinering (1,9 millardar kinesiske vaksinedoser er sette til no på verdsbasis) har dette vist seg å vera eit klokt val, i motsetning til den norske strategien, der ein etter kort tid måtte parkera to av fire godkjende vaksiner på grunn av potensielt fatale biverknader, med til dels store konsekvensar for det nasjonale vaksineringsprogrammet.

Til og med WHOs godkjenning av russiske og kinesiske vaksiner er ikkje godt nok for Noreg, og det er uråd å finna ut om personar vaksinerte med vaksiner som ikkje er godkjende for bruk i Noreg vil reknast som beskytta mot covid-19. Korleis tenkjer norske styresmakter seg ei normalisering på verdsbasis med eit slikt standpunkt?

Ufullstendig rapportering av smittesituasjonen

Ingen land har i over eitt år hatt så lite smitte per innbyggjar som Kina; det er også det einaste lågsmittelandet med eit effektivt vaksineringsprogram som blir gjennomført utan kapasitetsbegrensningar. Men dette grundig dokumenterte faktumet er ikkje godt nok for Noreg, som ikkje kan klassifisera Kina som 1«lilla» tredjeland (alle land på regjeringas lilla liste har høgare smitte enn Kina), fordi Noreg påstår at Kina ikkje publiserer tilstrekkelege data, i eit format som Noreg kan akseptera.

Noreg vil ha daglege testedata, som er relevant informasjon i land med høg smitte, men ganske unyttig statistikk i land med svært låg smitte; det bør vera godt nok at land rapporterer antall smitta, og at me stolar på data bak desse tala (China CDC publiserer svært detaljert smittestatistikk). Men det er altså ikkje godt nok for Noreg.

Typisk nok, i ein mykje omtalt rapport om ulike lands pandemirespons frå australske Lowy Institute (Lowy Institutes Covid Performance Index), der Kinas innsats ikkje var inkludert (som å skriva ein artikkel om verdas stormakter og utelata USA), blei same argument brukt, dvs. at Kinas respons ikkje kunne evaluerast fordi det mangla statistikk for daglege testar.

Konklusjon

Det er vanskeleg å trekkja ein annan konklusjon enn at Noreg, på sitt til dels arrogante vis, der ein i praksis viser mistillit til andre lands innsats, vaksiner og rapportering, bidrar til ei forlenging og ei heilt unødvendig politisering av pandemien.




Fotnote

1. Lilla land: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-landvurdering-endring-i-reiserad-for-land-og-omrader-i-europa-og-tredjeland/id2866075/