Folkemord og slavearbeid i Xinjiang?

02.06.21 16:25 By Kleppar

Litt statistikk om Xinjiang

Dette er ikkje ein freistnad på å motbevisa påstandar om folkemord og slavearbeid i Xinjiang. Her har både the Grayzone og The Transnational Foundation for Peace & Future Research gjort ein god jobb (sjå noter nedanfor).

Men burde ikkje folkemord og slavearbeid vera komplementert med styresmaktene si fullstendige neglisjering av alle rettar som folket har til utvikling? All tilgjengeleg statistikk viser imidlertid at utviklinga i Xinjiang (for alle folkegrupper) er under rask utvikling, både når ein samanliknar regionen med andre deler av Kina og med omkringliggjande land. Driv styresmaktene både med utvikling og avvikling i Xinjiang?

Store deler av Vestens presse, også på venstresida, har som underliggjande premiss at sers mange ikkje-vestlege land, og spesielt dei som stakar ut ein sjølvstendig kurs, har vonde og irrasjonelle politiske leiarar som styrer med hard hand og tek alle maktmiddel i bruk, også folkemord og slavearbeid. Putin og Assad driv soleis politikk med gift og gass, medan Xi driv med folkemord og slavearbeid. I den grad Vesten drep er det bare ein uheldig fylgje av "humanistiske intervensjonar", vil dei ha oss til å tru.

Mitt syn er at politikarar i dei fleste land styrer med ei blanding av smal eiga-interesse og blikk for det som er godt for landet. Ei nøktern oppteljing av antal daude i kjølvatnet av dei siste tiårs vestleg "humanisme" kjem ikkje godt ut samanlikna med dei fleste ikkje-vestlege land.

Frå 40 års røynsle som Kina-observatør har eg opplevd at styresmaktene i Kina stort sett har teke kloke og langsiktige avgjerder for samfunnet som heilskap, med det grunnsynet at politikken skal tena store deler av folket, at han skal vera balansert både med omsyn til geografi, klasse, folkegruppe og kultur (omfatta religion), og at han skal leggja vekt på utvikling av velferd, samfunnstryggleik og harmoni. Styresmaktene har ingen toleranse for grupper som utøver vald for politiske eller religiøse formål, heller ikkje for separatisme eller freistnader på endring av det politiske systemet. Styresmaktene har eit stort fleirtal (ifylgje målingar over 80 prosent) av folket med seg i eit slikt syn på samfunnsutviklinga. 


Skuldingane om folkemord og slavearbeid i Xinjiang blir vanskelege å forklåra i ljoset av fylgjande fakta:

  • Xinjiang har registrert mindre enn tusen smittetilfelle og tre dødsfall under koronapandemien (folketal om lag 25 mill.), og har eit helsevesen på høgd med andre regionar i landet

  • Bomullsindustrien i Xinjiang er svært mekanisert og ville vanskeleg lata seg gjennomføra ved hjelp av slavearbeid

  • Det uigurske folketalet i Xinjiang har gått opp dei siste ti åra, medan det har stagnert for han-kinesarar i same region

  • forventa levealder er 72 år, og har gått opp 7,3 prosent dei siste ti åra

  • BNP per innbyggjar i Xinjiang har dobla seg dei siste ti åra - BNP-veksten i koronaåret 2020 var over 3 prosent

  • BNP per innbyggjar i Xinjiang er langt høgare enn naboland; sjå samanlikning nedanfor


Ville styresmakter som driv med folkemord og slavearbeid kunna visa til slik utviklingsstatistikk?



*)https://transnational.live/2021/05/19/%F0%9F%9F%A5-breaking-the-xinjiang-genocide-determination-as-agenda/


https://thegrayzone.com/2021/02/18/us-media-reports-chinese-genocide-relied-on-fraudulent-far-right-researcher/


https://thegrayzone.com/2021/04/30/xinjiang-forced-labor-china-uyghur/


Land/regionÅrleg brutto nasjonalprodukt per innbyggjar (norske kroner)
Xinjiang 
 71500
 Mongolia 36000
 Pakistan 9850
 Tadsjikistan 9300
 Kirgistan 9300
 Afghanistan 4750