Har demokratiet vore til hjelp i Sør Koreas og Taiwans koronakamp?

16.05.20 4:22 By Kleppar

Aftenposten og fleire andre norske og utanlandske media har freista konstruera ei forteljing om at Sør Korea og Taiwans gode resultat i koronakampen skuldast deira demokrati.

Sist ute var Kristoffer Rønneberg i Aftenposten, som først hevdar at Taiwan gav eit åtvaring til WHO i slutten av desember. WHO svarar sjølv at dette ikkje var tilfellet – e-posten frå Taiwan var eit spørsmål om informasjon og ikkje ei åtvaring.


Forteljinga om Taiwan som «best i klassa» med 440 smitta og 7 døde er heller ikkje udelt sann:

Nesten alle provinsar og regionar i Kina, med unntak av Hubei, er mindre ramma av koronaviruset enn Taiwan. Fujian-provinsen, som ligg overfor Taiwan på fastlandet har 38,5 mill. innbyggjarar, 350 bekrefta smitta og 1 død. Jiangsu-provinsen, med 80 mill. innbyggjarar har under 700 smitta og ingen døde. Zhejiang-provinsen, har 57 mill. innbyggjarar, litt over 1200 bekrefta smitta og 1 død.


Her er nokre alternative forklåringar på kvifor Taiwan og Sør-Korea har lukkast i koronakampen:

  • Sør-Korea, med den ugjennomtrengjelege landegrensa mot Nord-Korea er i praksis ei øy, til liks med Taiwan, Australia og New Zealand; for desse er geografien til god hjelp i koronakampen.
  • Konfusiansk kultur, med sin sosialt ansvarleggjerande etikk, er truleg ein viktig faktor i Taiwans og Sør-Koreas koronakamp.
  • Minnet om SARS, og system som blei bygd opp i ettertid, er også ein viktig faktor.
  • Meir spekulativt kan ein også hevda at det sit att ein rest av folkeleg disiplin frå Sør Koreas mangeårige militærdiktatur og Taiwans mange tiår med militant eittpartstyre som har komme til nytte i koronakampen.

Paradoksalt nok har demokratiet som ein viktig faktor i koronakampen ikkje vore til hjelp nokon stad, heller ikkje i Asia.

Geografiske, kulturelle og historiske forklåringar passar truleg ikkje inn i det verdsbiletet Aftenposten og andre vestlege media så gjerne vil konstruera.