Stavanger Aftenblads antigratulasjon

07.07.21 15:27 By Kleppar

Kinas kommunistparti eitt hundre år

Aftenbladets anti-gratulasjon til det kinesiske kommunistpartiet på leiarplass for nokre dagar sidan seier lite om redaksjonelt mot, men mykje om redaksjonell smålighet.


Det kinesiske kommunistpartiet har ei kompleks og mangfaldig historie, men det kan godt argumenterast for at historias dom over dette styringsapparatet vil vera ein heilt annan enn Aftenbladets.

Suksess etter suksess

I 1949 tok Kommunistpartiet over eit krigsherja land der over 20 millionar hadde døydd i krig, med ein forventa levealder på 35 år, dei fleste lutfattige bønder som verken kunne lesa eller skriva.

I motsetnad til USA, som er styrt av oldingar, har det kinesiske kommunistpartiet, verdas største politiske parti, med over 95 millionar medlemmer, om lag 25 prosent av medlemmene under 35 år. Partiet har etter kvart vist evne til fornying, og ikkje minst til kompetent geopolitisk planlegging og styring av økonomi og samfunn gjennom store globale kriser.

Som i dei fleste samfunn er det resultata som tel, og den alminnelege kinesar kan gleda seg over mangedobla materiell velstand dei siste tiåra, grøne byar med høg grad av fridom og tryggleik, utan slum, eit pulserande arbeidsliv der dei fleste er i jobb, helse og velferd under rask utbygging både i by og på landsbygd. Absolutt fattigdom er utrydda, og landet er både ei finansiell, industriell, handelsmessig, utdanningsmessig, og no truleg også ei helsemessig stormakt – alt dette utan krig dei siste førti år.

For hundrevis av millionar i Afrika, Asia og Latin-Amerika er Kina, styrt av eit kompetent parti, eit førebilete, men Aftenbladet har bare ringeakt for dette styret. No har forresten denne avisa aldri vore ein påliteleg vegvisar for oss som er opptekne av global undertrykking og urett – om eg ikkje hugsar feil har ho i det store og heile stilt seg på makta si side, anten det gjeld Korea, Cuba, Vietnam, Libya eller Afghanistan, og bekymring for menneskerettar er fyrst og fremst viktig når denne tener til å halda oppe og fremja ei utvikling slik me meiner andre er best tent med.

Det Aftenbladet kan best

Når avisa ikkje klarer heva blikket og late seg begeistra over andres framgang, er det kan- skje best at ho held seg til det ho kan best – avsløringar om feiloppførte naust og annan urett i lokalsamfunnet.