Det er ein seigliva myte at kapitalismens fortrinn er rask økonomisk vekst. Men er det sant? Her er historisk statistikk frå 1953 til og med 2019 som viser økonomisk vekst i Kina og USA. Gjennomsnittleg vekst i USA i heile perioden er 3 prosent; i Kina 8,3 prosent. Ein lyt sjølvsagt ha i tankane at den amerikanske økonomien i store deler av denne perioden (men kanskje ikkje dei siste ti åra) har vore ein god del meir utvikla enn den kinesiske.
Til samanlikning har økonomisk vekst i sosialdemokratiske Noreg i omtrent same periode (1953-2011) vore 3,4 prosent, altså nokså lik veksten i den amerikanske økonomien.
Skal me våga oss på den påstanden at eittpartistaten Kina i denne tidbolken ikkje er mindre dynamisk enn topartistaten USA?