Min neste båt - ein trimaran

10.01.20 16:39 By Kleppar - Comment(s)

For om lag ti år sidan eigde eg ein Adventure Mirage kajakk med utriggarar og segl (foto nedanfor). Han var morsom å segla, men svært våt; ikkje noko for kjølige sommardagar på Vestlandet, serleg ikkje når eigaren var godt over femti år. Etter nokre år selde eg han. Men eg har aldri gløymt gleda av ...

Storhaug båtdelingslag er stifta

09.01.20 6:28 By Kleppar - Comment(s)

Storhaug båtdelingslag blei stifta sommaren 2019, med organisasjonsnummer, medlemskap i Frivillighetsregisteret, vedteker, eit styre og ein nettstad.

Hausten gjekk med til planlegging av naust-ombygging og skriving av søknader for midler til å bygga båt og kjøpa utstyr.


I januar 2020 går ein i gang m...

Båtdeling i Stavanger

03.05.18 17:26 By Kleppar - Comment(s)

BÅTDELING I STAVANGER 


www.delbåt.no




Har du gått turstien langs sjøen på Storhaug - Godalen, Ramsvig, Emmaus, Pannevigodden og Breivig - og drøymt om ein dorgetur rundt Stora Marøya, ein rotur til eit romantisk kveldsbad på Fladaskjeret, eit strandhogg på Litle Teistholmen, eller ein kvikk seila...

Artikkel i bydelsavisa, Storhaug desember 2017

03.03.18 17:58 By Kleppar - Comment(s)

De heldige får båtplass før rullator!

Eg er innflyttar til Storhaug - opphaveleg frå Sandnes, men har budd over tjue år i Kina, og ti år på Grünerløkka i Oslo. Kona (frå Beijing) og eg var samde om ein ting då me såg oss om etter bustad i Stavanger - han skulle vera nær sentrum og nær sjø; då måtte ...

Kor går Kina?

03.03.18 17:32 By Kleppar - Comment(s)

Dei siste dagane har mange spurt meg om Kina. NRKs Urix har hatt innslag om Kina i denne veka, og har sitert China Digital Times, og ein norsk professor i Oxford. Ein nemner at Kina vil ta bort to-periode begrensinga på president-embedet, og ymse sensur av ord på internett.


Kinas presidentembete
D...

Nybygg - Phoenix III

25.02.18 13:09 By Kleppar - Comment(s)

Etter mykje fram og tilbake startar bygging av Phoenix III om kort tid. Sjå informasjon om båten her. Ferdig ein gong utpå våren, med båtopplagsplass i Ramsvig.


Bilderesultat for phoenix III

Nytt medlem i Hillevåg båtforening!

24.10.16 18:59 By Kleppar - Comment(s)

 

Jewell nr. 6 er på plass i Hillevåg båtforening. Var litt skeptisk til bøye og landfeste, men ser no, etter at seglsesongen går mot slutten, at det har gått greit. Vind frå aust er ikkje 

den beste der båten ligg; frå dei andre himmelretningane er det greit. Har hatt båten på tilhengar ein gong til ...

Jewell omsider levert

25.06.16 15:07 By Kleppar - Comment(s)

Etter å ha henta den nye båthengaren i Fredrikstad 11. juni, møtte eg båtbyggar Aidis Jaškevičius  i Svinesund same ettermiddag; deretter testsjøsetjing i Fredrikstad same kveld. Køyring med hengar og båt frå Oslo sundag morgon, etter ei overnatting om bord i båten (på ein rasteplass utanfor Drammen...

Jewell nesten ferdig....

08.06.16 21:19 By Kleppar - Comment(s)

Båten er ferdig mala og lakkert; rigging går føre seg. Båten blir levert i midten av juni.

Jewell ikkje lenger opp-ned

08.04.16 16:46 By Kleppar - Comment(s)

Skroget blei snudd 7. april. Kjøl er på plass, og skroget er grunna på utsida.  Stormasta, som er hol, mesanmast, bom og årer er også nesten ferdige. Neste steg er innreiing, dekk og styrhus. Om alt går etter planen er båten ferdig tidleg i mai.

Sjå oppdaterte foto av byggeprosessen nedanfor.


Byggeprosjekt Jewell nr. 6; oppstart

26.02.16 20:30 By Kleppar - Comment(s)

Etter ein langsam start med med mykje att og fram hausten 2015, blei marin kryssfinér kjøpt frå danske Bowa, med ankomst Lithauen tidleg i januar 2016. I byrjinga av februar blei all kryssfinér CNC-skoren av eit lokalt firma; etter det eg kan sjå blei det gjort godt og profesjonelt arbeid. Bygging a...

Båtramper i Stavanger

15.01.16 18:22 By Kleppar - Comment(s)

Foto av båtramper nær Stavanger sentrum; dei fleste kan nyttast gratis eller mot litt betaling.

Segl- og robåten Storm 19

01.12.15 22:06 By Kleppar - Comment(s)

Min Storm 19 blei bygd i 2005 av Swallow Boats - som no heiter Swallow Yachts, ein båtbyggar i Wales som på den tida leverte teikningar, byggesett og ferdige småbåtar for bygging i kryssfinér/epoksy.


På eit tidleg tidspunkt var det klart at framdrifta for min båt skulle vera årer og segl. Norske trad...

Previous Next