Nybygg - Phoenix III

25.02.18 13:09 By Kleppar - Comment(s)

Etter mykje fram og tilbake startar bygging av Phoenix III om kort tid. Sjå informasjon om båten her. Ferdig ein gong utpå våren, med båtopplagsplass i Ramsvig.


Bilderesultat for phoenix III

Jewell omsider levert

25.06.16 15:07 By Kleppar - Comment(s)

Etter å ha henta den nye båthengaren i Fredrikstad 11. juni, møtte eg båtbyggar Aidis Jaškevičius  i Svinesund same ettermiddag; deretter testsjøsetjing i Fredrikstad same kveld. Køyring med hengar og båt frå Oslo sundag morgon, etter ei overnatting om bord i båten (på ein rasteplass utanfor Drammen...

Jewell nesten ferdig....

08.06.16 21:19 By Kleppar - Comment(s)

Båten er ferdig mala og lakkert; rigging går føre seg. Båten blir levert i midten av juni.

Jewell ikkje lenger opp-ned

08.04.16 16:46 By Kleppar - Comment(s)

Skroget blei snudd 7. april. Kjøl er på plass, og skroget er grunna på utsida.  Stormasta, som er hol, mesanmast, bom og årer er også nesten ferdige. Neste steg er innreiing, dekk og styrhus. Om alt går etter planen er båten ferdig tidleg i mai.

Sjå oppdaterte foto av byggeprosessen nedanfor.


Byggeprosjekt Jewell nr. 6; oppstart

26.02.16 20:30 By Kleppar - Comment(s)

Etter ein langsam start med med mykje att og fram hausten 2015, blei marin kryssfinér kjøpt frå danske Bowa, med ankomst Lithauen tidleg i januar 2016. I byrjinga av februar blei all kryssfinér CNC-skoren av eit lokalt firma; etter det eg kan sjå blei det gjort godt og profesjonelt arbeid. Bygging a...