segl og årer
Norseman AS
 

Eitt eller fleire skrog?

Nesten alle båtar i vår del av verda har tradisjonelt bare hatt eitt skrog; men andre stader har fleire skrog vore vanleg, serleg der vind har vore viktigaste framdriftsmiddel.


Den moderne fleirskrogsbåten er utvikla over dei siste femti åra; faktisk er Norge eit land som med stor suksess har nytta fleirskrogfartøy til nyttefart -  både til passasjertrafikk langs kysten, og til bil- og passasjerfart over Skagerak. Utan unntak er desse båtane katamaranar; dvs. dei har to like store skrog; dei er kjende for å vera både hurtige og sjødyktige.


Eitt- og fleirskrogs seglbåtar

Ein seglbåt med eitt skrog nyttar vekt for balansering - ein liten båt nyttar mannskapets kroppsvekt, og ein større båt nyttar vekt i kjølen. Utan vektbalansering vil båten krenga, og kanskje også kantra, i sterk vind. For å segla fort må ein ha vekta langt ute (t.d. mannskap i trapes) eller langt nede (t.d. djup kjøl), eller ein kombinasjon av desse to.


Ein seglbåt med to eller tre skrog balanserer ved hjelp av breidde, og vil krenga mykje mindre enn ein båt med eitt skrog; sterk vind under segl fører til aksellerasjon heller enn krenging. Ein rask fleirskrogs seglbåt bør vera så lett som råd er.


Trimaran

Trimaranen er den raskaste av alle seglbåtar; han har eitt hovudskrog og ein utriggar på kvar side av dette, og er nesten like brei som han er lang.

Dei fleste har senkekjøl eller sverd i hovudskroget; det kan vera eitt ror på hekken til hovudskroget, eller eitt ror i kvar utriggar. Nokre trimaranar er også utstyrte med foilar for stabilisering og større fart.


Folding og demontering

Fordi ein trimaran er nesten like brei som han er lang, tek han mykje plass både under transport, i båthamn og i vinteropplag. Større trimaranar har fastmonterte utriggarar (t.d. Neel). Ein del trimaranar har også utriggarar som kan demonterast under transport eller i opplag på land. Slike båtar ligg gjerne i bøye eller ved ei brygge, fordi dei fleste båthamner ikkje tilbyd båtplass for så breie fartøy. 

Båtkonstruktøren Ian Farrier løyste dette problemet med sin metode for samanfolding av trimaran-utriggarar. Trimaranar med utriggarar som kan foldast inn mot hovudskroget utan demontering er derfor like praktiske å eiga som ein båt med eitt skrog. Sidan dei heller ikkje har fast kjøl, er dei svært enkle å lagra på ein vanleg båthengar. Mange av dei har også system for mastring ved hjelp av utstyr og vinsjar ombord.

Det er tre metodar for folding av utriggararar på ein trimaran:

  • saksefolding; utriggarane svingar rett inn og delvis under hovudskroget (Farrier, Corsair, osv.)

  • skyvefolding; utriggarane er monterte på teleskopiske røyr som blir skuvne  inn mot hovudskroget (Astus)

  • svingfolding; utriggarane svingar bakover og inn mot hovudskroget (Dragonfly, Libertist, Tricat)

Alle desse tre metodane har sine fordeler og ulemper; saksefolding er mest  kompakt, og båten blir ikkje lengre, men utriggarane er eksponert mot tilgroing når dei er folda. Skyvefolding kan vera problem om ein får sand i teleskoprøyra; svingfolding gjer at båten blir forlenga.

 

Kvifor trimaran?

  • lite krenging, og dermed meir komfort
  • auka tryggleik, fordi båten er synkefri
  • større fart, og dermed større rekkevidde
  • stor dekksplass

Ulemper

  • Trimaranen er den båttypen som gjev minst kabinplass for pengane (men mest dekksplass), fordi hovudskroget gjerne er langt og smalt.

  • Ein trimaran vil alltid vera dyrare enn ein seglbåt med eitt skrog ; det er dyrt å bygga tre skrog, høg fart og rask aksellerasjon set store krav til styrke i skrog og rigg, og det er ein begrensa marknad for å kjøpa brukt trimaran

Pris

Typisk vil ein ny 20-30 fot lang trimaran kosta mellom ein halv million og godt over ein million kroner. I Norge er det svært få brukte båtar til sals. Import av brukt båt svarer seg stort sett ikkje, fordi ein må betala norsk mva; brukte båtar i utlandet har også høgare pris enn i Norge.




Libertist 853 med faste utriggarar og foilar