segl og årer
Norseman AS
 

Planar og teikningar for sjølvbyggjing

Du finn prisar på teikningar og planar på Viviers nettstad - dei varierer mellom ca. € 200 til over € 500. Dette er komplette teikningar på engelsk eller fransk, laga for ein person som ikkje har gode forkunnskapar om båtbyggjing i kryssfinér/epoksy. 


Kryssfinér for båtbygging er å få tak i her i landet, eller du kan kjøpa av ein spesialist, t.d. Bowa i Danmark. Vendia trebåtsplank er også eit spanande produkt.


Du må rekna med 200 - 1000 arbeidstimar for dei fleste båtane som er presenterte her.

 

Ferdig båt

Vår samarbeidspartnar for bygging av mindre båtar er Aidis Jask i Litauen; sjå Facebooksida; for bygging av større båtar er Woodtec Boats i Hellas vår samarbeidspartnar.


Det er også båtbyggjarar i Nederland og Frankrike som har røynsle med byggjing av Viviers båtar; sjå Viviers partnarside her.


Pristilbod blir gjeve for kvart einskild prosjekt.


Ein ro- og seglbåt under 20 fot (6 m) vil kosta mellom kr. 40.000 og 150.000 levert i Noreg (inkludert frakt og meirverdiavgift); utanbordsmotor og båthengar kjem i tillegg.


Ein overbygd seglbåt rundt 20 ft. vil kosta i overkant av kr. 300.000 levert i Norge (inkludert frakt og mva). Ein seglbåt over 22 ft. (7 m) vil kosta betydeleg meir; truleg rundt kr. 500.000.


Utanbordsmotor og tilhengar kjem i tillegg.