segl og årer
Norseman AS
 

Motor

Alle båtane som er presenterte på denne nettstaden  har framdrift som ikkje er basert på motor. Er du den typiske "kose-seglar" som hovudsakleg nyttar motor, og som har segl og rigg til pynt, så finn du lite om bensinspenst, dieselkraft og maskinell luksus her. Åre- og seglentusiasten kjøper ein motor for manøvrering inn og ut av hamna, og for tryggleik i lei motvind eller vindstille. Kan ikkje seglet nyttast prøver ein også årene før ein omsider startar motoren.


Hekk- eller brønnmontert utanbordsmotor i staden for innanbordsmotor gjev deg eit sutelaust båtliv. Om vinteren, når fuktighet, vind, salt og lite bruk i verste fall forkortar livet til innanbordsmotoren dramatisk, eller i beste fall gjev deg ei lite hyggeleg reperasjonsutgift, hektar eigaren av ein lett utanbordsmotor denne av og lagrar han tørt og trygt heime til neste båtsesong.


Du treng ein motor som gjev deg god skyvekraft i "snekkefart" (5-7 knop). For ein båt opp til 7 meter klarer du deg med maksimum 6 HK for dette formålet.


For dei miljømedvetne utan rekkeviddeangst vil eg anbefala ein Torqeedo utanbordsmotor - tysk kvalitet på sitt beste. Med halv effekt kan du bruka motoren i 2-3 timar, og dekka ein distanse på ca. 20 km på ei lading - ikkje godt nok for motorbåteigaren, men greit nok for seglbåteigaren. Nykommaren frå Hong Kong - ePropulsion Spirit 1, med lengre rekkevidde og større batteri enn Torqeedo, er også interessant.


Har du rekkeviddeangst er Mercury 5 HK SailPower ein utmerka motor; denne har propell for ekstra skyvekraft, og kan også kan lada eit batteri. Hugs at Mercury og Tohatsu i praksis er same motor; desse er bygde ved Tohatsus fabrikk i Japan.


Har du både rekkeviddeangst og vekt-aversjon, og kan leva med plenklypparlyd til sjøs, er den luftkjølte Honda 2,3 HK  ein svært driftsikker motor.


Dei fleste seglbåtar bør ha motor med lang stamme.

 

Torqeedo Travel 1003

  • tilsvarar bensinmotor med 3 HK
  • vekt ca. 13 kg
  • framover, fri og revers
  • pris ca. 20.000 kroner (med integrert batteri)
  • klikk på foto for meir informasjon

ePropulsion Spirit 1

  • tilsvarar bensinmotor med 3 HK
  • vekt ca. 20 kg
  • framover, fri og revers
  • pris ca. 20.000 kroner (med stort, integrert batteri)
  • klikk på foto for meir informasjon

Mercury 5 HK SailPower

  • vasskjølt firtaktar
  • vekt ca. 26 kg
  • framover, fri og revers
  • pris ca. 10.000 kroner
  • klikk på foto for meir informasjon

Honda 2,3 HK

  • luftkjølt firtaktar
  • vekt ca. 13 kg
  • slureklutsj; kan snuast 360 grader for reversering
  • pris ca. 6.000 kroner
  • klikk på foto for meir informasjon