segl og årer

Norseman AS

Framdrift med musklar - padling, roing, staking og tråkking

Det er mange metodar for muskelframdrift for ein farkost. Eskimoar har lært oss padling i kano og kajakk. Nordens vikingar har lært oss å bygga effektive robåtar. Ei effektiv vrikkeåre for ståande roing med heile kroppen blei utvikla i Kina og Japan. Moderne materialar og teknikk har gjort det mogleg å finna opp andre måtar å ro på, som vist under med Frontrower.


Ro- og seglbåtane på denne nettstaden er teikna og bygde for effektiv rekreasjonsroing. Kajakkpadlaren veit kor stor skilnad ei dårleg og ei god padleåre kan utgjera for effektiv framdrift. Men det er like mykje teknikk i ei god åre. Australske John Murray har gjennom eit langt liv med roing samla mykje nyttig erfaring og kunnskap - me anbefaler hans tollegang og årer; les også artikkelen om effektiv roing (sjå nedst på sida)

konkurranseroing
rekreasjonsroing
roing i færing
kinesisk vrikkeåre - yaolu 摇橹
Frontrower - armar og bein
kanopadling
kajakkpadling
staking
Desktop Site