Desse båtane er konstruerte og bygde for både roing og segling; når vinden stilnar tek ein årene fatt; dei fleste båtane kan ha meir enn ein rostasjon. Det er fleire riggtypar å velja i, men ein ustaga rigg er mest praktisk når bruken varierer mellom roing og segling. Båtane har ikkje fast ballast, og har oftast sverd eller senkekjøl.
Båtkonstruktøren François Vivier fortel om eit båtliv med årer og segl - stort i Frankrike, men mest fråværande i landet der nasjonalbåten er ein oselvar - bygd for årer og segl!
Du finn heile utvalet av Viviers båtar for segl og årer her.
Fleire av Iain Oughtreds ro- og seglbåtar inspirert av spissbåtar frå Shetland og Noreg er presenterte her.
Strandebarmaren og Oselvaren har inspirert småbåt-konstruktørar i inn- og utland, og kan utmerka godt byggjast i moderne materialar, og med senkekjøl.
16 fots spririgga strandebarmar bygd ved Jondal båtbyggjarskule om lag 1972.