segl og årer

Norseman AS

Riggtypar

Råsegl og sneisegl er to hovudtypar av segl. Råseglet er normalt stilt tverrskips, mens sneiseglet står langskips (altså, på snei). Lårseglet er eit asymmetrisk råsegl som var vanleg på norske bruksbåtar, serleg på Nordvestlandet. Nesten ingen båtar bygde i dag er råseglrigga.


I dag er bermudariggen nesten einerådande her i landet, men det er mange fordeler med fleire av dei meir tradisjonelle riggane:

  • enklare rigg med færre eller ingen stag og vant for hurtig mastring

  • kortare mast for enklare transport og større fleksibilitet med omsyn til bruer og andre hindringar i høgda

  • kan byggast med enklare (og billigare) materialar


Her er nokre av dei vanlegaste "alternative" sneiseglriggane som er i bruk i dag; ein slupp har ei mast, ein ketch har to master med mesanmast plassert framfor rorstamma, medan ein yawl har to master med ei lita mesanmast gjerne plassert bak rorstamma.

Luggerseglet, også kalla marinesegl, var sers vanleg lenger sør i Europa (mange av Viviers båtar er luggerrigga), og var også å finna på nokre norske båtar; det er eit segl i overgang frå råsegl til sneisegl. Luggerriggen kan vera med eller utan bom, ha ei eller to master (gjerne utan stag og vant), og ha stor seglføring på ei kort mast. Mastring er svært enkelt. Sjå video av ein lugger-rigga Caledonia Yawl (konstr. Ian Oughtred) her.

Gaffelriggen er kanskje den vanlegaste tradisjonsriggen, og kom opphaveleg frå Nederland. Ein kan ha stor seglføring på ei relativt kort mast, og riggen er sers effektiv på slør og lens. Dette er ein praktisk rigg for tursegling. Gunterriggen er ein variant av gaffelriggen (vanleg på mange britiske bruksbåtar); med ein nesten vertikal gaffel som glir bortimot vertikalt langs masta.

Arne Kvernelands "Ingeborg"

Djunkeriggen, også kalla kinesisk lugger, stammar frå Kina. Dette kan verkelig kallast ein tradisjonsrigg - medan gaffelriggen er eit par hundre år gammal, er djunkeriggen over 2000 år. Seglings-messig er dette eit vanlig, sjølvslåande sneisegl. Den viktigaste skilnaden frå vestlige segl er kor mye enklare det er å reva djunkeseglet, og kor mykje mindre belastning det er på seglduken.

Bermudariggen er det vanlegaste på ein moderne seglbåt, og den mest effektive i bidevind, men den høge masta krev både stag og vant, og mastelengda er eit problem om du har båten på tilhengar.

Spriseglet, som opphaveleg kom frå Nederland, er truleg det vanlegaste tradisjonelle norske bruksbåtseglet; spririggen er forbausande effektiv (sjå artikkel om dette nedanfor: "The fastest rig?"), men ikkje så lett å reva.Spririggen er ein tradisjonsrik rigg mykje brukt i Nord-Europa; mange robåtar på Vestlandet er spririgga. Sjå begeistra omtale her (engelsk).

Artiklar og bøker om riggtypar

Har du levd i trua om at bermudariggen er den beste riggen til alle formål, og at alle andre riggtypar er utkonkurrerte som eit resultat av "naturleg utval", og bare har antikvarisk interesse? På denne nettstaden tek me til orde for eit mangfald av riggar - til ulike formål og ulike båtar! Les meir om riggmangfaldet i bøker og artiklar nedanfor.


Spririgga Kragerøterne i "holmeslalåm"

Norske bruksbåtar (Det meste henta frå Vestlandsbåtar av Øystein Færøyvik)

Desktop Site