segl og årer

Norseman AS

Norsk etablering i Kina.......    

Denne nettstaden handlar om navigasjon på sjøen, men tilbyd også råd med omsyn til å navigera i Kina og i samhandling med kinesarar.  Norseman AS har røynsle både med kulturell utveksling, industrialisering, etablering og drift av kommersielle verksemder i Kina.


Den som skal etablera og utvikla ei verksemd med tanke på den kinesiske marknaden eller kinesiske kundar må ha kunnskap, innsikt og forståing.


Norseman AS har kunnskapar og røynsle som kan hjelpa til og gje råd om:

  • etablering av verksemd i Kina
  • drift av verksemd i Kina
  • omsetjing - nettsider, presentasjonar osv.
  • tolking og personleg assistanse ved reiser, møter og forhandlingar

......eller kinesisk etablering i Norge?

Det moderne Kina har utvikla kunnskapar, industri, produkt og tenester som er like relevante i eige land som i vår del av verda; for mange kinesiske verksemder er etablering utanfor Kina det neste steget i deira utvikling og ekspansjon.


Kinesiske investorar ser seg om etter selskap og produkt som kan vera interessante for investering og utvikling.


Den kinesiske middelklassen har kjøpekraft, reiselyst og eventyrlyst - Norge  er attraktivt reisemål for mange kinesarar - i hovudsak er det den norske naturen som lokkar.


Er du i ein situasjon der du møter eller forhandlar med kinesarar i Norge, kan Norseman AS tilby råd.

Desktop Site