segl og årer
Norseman AS

Jewell

Jewell nr. 6 (Stavanger)

Konstruert av François Vivier, 6 m lang, tomastra gaffelrigg, blyballast og senkekjøl; seglbåt for dagsturar og helger, med god overnattingsplass for to; bygd i kryssfinér/epoksy. Under overbygget er det plass til eit lite båttoalett og eit kokeapparat.


Med ei vekt på bare 650 kg er Jewell er konstruert for sutelaus sjøsetjing frå tilhengar: meir informasjon på engelsk og fransk om Jewell her.


Jewell har to master, og er ein gaffelrigga "yawl" (ordet kjem truleg av jolle), med ein liten mesan plassert bak rorkulten (i motsetnad til ein ketch, som har ein større mesan gjerne plassert framfor rorkulten).


Jewell har både vrikkeåre (ei åre akterut), eitt årepar, og plass til ein fire til seks hestars utanbordsmotor.


Jewell er for ho eller han som vil ha:

  • tradisjonelle linjer og klassisk rigging som er både enkel og effektiv

  • moderne materialar med lite vedlikehald

  • ein båt utan komplisert mekanikk og elektronikk


Jewell tek inspirasjon frå den tradisjonelle seglbåten og arbeidsbåten brukt i Biscaya-bukta; han er både ein rask seglar og ein framifrå sjøbåt.
Ikkje minst er Jewell ein båt for den som vil ha noko anna enn masseprodusert glassfiber - Jewell blir lagt merke til (og beundra)!


Nick Newland frå Swallow Yacths har skrive ein interessant artikkel om tomastra rigging; les artikkelen What´s the Point of Two Masts?


Jewell nr. 6 - Stavanger

 

Jewell nr. 6 detaljar

 

Jewell Fontana (Perth, Australia)