segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | February 26, 2016

Etter ein langsam start med med mykje att og fram hausten 2015, blei marin kryssfinér kjøpt frå danske Bowa, med ankomst Lithauen tidleg i januar 2016. I byrjinga av februar blei all kryssfinér CNC-skoren av eit lokalt firma; etter det eg kan sjå blei det gjort godt og profesjonelt arbeid. Bygging av skroget (opp-ned) tok til kort tid etter.

Beslag er bestilt frå italienske Viadana. Har diskutert seglføring med Vivier og båtbyggjar, og bestemt at eg ikkje kjem til å utstyra båten med spinnaker; gaffelriggen er effektiv nok på slør og lens (betre enn bermudariggen), der ein spinnaker kunne vore nyttig.


I løpet av februar har eg også bestilt to motorar - ein elektrisk ePropulsion Spirit 1.0 L, med dobbelt så stor batterikapasitet som Torqeedo...

Category: Ingen 

Tags: seglbåt