segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | March 03, 2018


De heldige får båtplass før rullator!

Eg er innflyttar til Storhaug - opphaveleg frå Sandnes, men har budd over tjue år i Kina, og ti år på Grünerløkka i Oslo. Kona (frå Beijing) og eg var samde om ein ting då me såg oss om etter bustad i Stavanger - han skulle vera nær sentrum og nær sjø; då måtte det bli Storhaug.


Her er det nok av butikkar, nok av stader der ein kan ta seg ein kopp kaffi eller ei øl, mange nok idrettsanlegg og badeplassar, og utmerka turstiar langs sjøen. Men for innflyttaren som har lyst på ein roleg tur på sjøen i båt, forblir det ein draum i mange år frametter.


Du kan sjølvsagt stå på venteliste for båtplass i ein av fleire av Storhaugs båtforeningar - Stavanger motorbåtforening i Hillevågsvatnet, Hillevåg båtforening...

Category: båtliv 

Tags: båtplass