segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | May 03, 2018

BÅTDELING I STAVANGER 


www.delbåt.no




Har du gått turstien langs sjøen på Storhaug - Godalen, Ramsvig, Emmaus, Pannevigodden og Breivig - og drøymt om ein dorgetur rundt Stora Marøya, ein rotur til eit romantisk kveldsbad på Fladaskjeret, eit strandhogg på Litle Teistholmen, eller ein kvikk seilas til grillfest på Lindøy ein sommars kveld? Trudde du at dette bare var oppnåeleg med cabincruiser med soveplass og toalett, 40 fots seglyacht, eller ein plastbåt med 150 HK på hekken? Drøymde du om ein enkel båt som kosta mindre enn inngangsbilletten til, og medlemskapet i ei båtforening?

Syns du det er meir gjevande med årer og segl enn å vri på eit gasshandtak? Har du barn som du vil aktivisera med segling og roing, heller enn å be dei klamra seg fast til eit rekkverk i 25 knops fart? Og er du meir interessert i sporadisk bruk av båt, og mindre interessert i båtstell og båtpuss?


Båtdeling i Stavanger er eit lokalt tilbod til dei innbyggarane i byen som er glade i det kystnære og enkle båtlivet, men som av ulike grunner ikkje kan, eller ikkje vil, ha eigen båt.






TILBODET

Båtdelingsordninga tilbyd:


  • bruk av båt på time- eller dagbasis

  • enkel og sikker båt for opp til fem personar; primærframdrift er årer og segl

  • bestilling og betaling for båtbruk på internett

  • henting og levering av båt i Emmausbukta eller Hillevåg båtforening


ORGANISERING

Båtdelingsordninga vil bli organisert  i form av eit samvirke (som er vanleg for mange bilkollektiv). I eit samvirke (SA) er det medlemmene som bestemmer, ikkje investorar.


Medlemmene i båtdelingssamvirket betaler ein andel, ei årleg medlemsavgift, og i tillegg ein leigesum per tidseining ved bruk av båt (t.d. time eller dag).


Det kan vera ynskjeleg at dei som er medlemmer i samvirket har båtførarprøva, eller på anna vis dokumenterer grunnleggjande sjømannskap.


Samvirket eig båtar og utstyr, og sørger for registrering i småbåtregisteret, forsikring osv.

Medlemmer får tilgang til naust med båt og utstyr.


Samvirket etablerer og driv ein nettstad for tinging av båt: www.delbåt.no.


Båtdelingstilbodet er foreslått i samråd med Storhaug frivilligsentral.


BÅTAR, UTSTYR, NAUST

Samvirket kjøper inn båtar (utan motor, eller med elektrisk påhengsmotor). Årer og segl til primærframdrift minskar risiko for ulykker (fart er farleg), og lettar vedlikehald, utan at det går ut over båtgleda. Base for to av båtane er eit naust i Emmausbukta på Storhaug (sjå kart nedanfor), med tilgang frå tursti til fots eller med sykkel. Andre båtar har landplass i Hillevåg båtforening for sjøsetjing med tralle på båtrampe. Ved Hillevåg båtforening er det god (og gratis) parkering for bil.


Både frå Emmaus-naustet og Hillevåg båtforening er det ein kort rotur til skjergarden utanfor Stavanger -  til Store Marøya om lag 20 minuttar, og til Lindøy på under ein time. Stavanger kommune eig naustet, men samvirket disponerer det. I Hillevåg båtforening er det landplass for fleire båtar, med sjøsetjing frå tralle.










Eksempel på passande båtar - stødige, sikre, og plass for 3-5 personar, ca. 5 m; årer og segl, evt. enkel påhengsmotor:


Naust i Emmausbukta for lagring av båtar og utstyr:



Landplass og båtrampe i Hillevåg båtforening:

Vil du bli medlem?


Kontakt Erik Klepsvik


erik@klepsvik.info


982 13 705


v

Category: båtliv 

Tags: båtdeling, båtkollektiv 

Comments:

Be the first to comment ...

Post a Comment