segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | December 01, 2015

Min Storm 19 blei bygd i 2005 av Swallow Boats - som no heiter Swallow Yachts, ein båtbyggar i Wales som på den tida leverte teikningar, byggesett og ferdige småbåtar for bygging i kryssfinér/epoksy.


På eit tidleg tidspunkt var det klart at framdrifta for min båt skulle vera årer og segl. Norske tradisjonelle båtar, oselvaren spesielt, var ein inspirasjon, men eg mangla interessa for tjørebreding, naglar, hampetau, hogde halsar og anna som fartøyvernfolka brenn for, og som ikkje er til å unngå om du skaffar deg ein tradisjonelt bygd båt.  Eg fekk tak i  Iain Oughtreds katalog; ein lesefest for ro- og segle-entusiastar! Her fann eg båtar etter min smak, med berre ei ulempe; hans teikningar er for sjølbyggarar, og i det lægret hadde eg ingen ambisjonar, enn sei kunnskapar. Ei tinging på båtbladet Water Craft sette meg på sporet av båtbyggjarar inspirert av klassiske båtar, men som nytta moderne materialar. Swallow Boats hadde fleire småbåtar inspirert av norske spissbåtar - Storm Petrel og Storm 15 og 17. I samtaler med båtbyggaren blei me samde om ein 19 fots utgåve av Storm, med vekt om lag 200 kg. Ro-posisjonen er frå eit sete oppå senkekjølkassa; båten har plass til påhengsmotor, har mesansegl, gunter-rigga storsegl, fokke og asymmetrisk spinnaker. Rigging tek om lag 15 minuttar for ein person.

Ian Oughtreds båtkatalog

Storm 19 oppfører seg som ei jolle, dvs. sers livleg, under segl. Ein to hestars luftkjølt, firtakts Honda med lang stamme gjev akseptabel snekkefart (sjølv om lyden har meir sams med ein plenklyppar). Ei lita kalesje gjev ly for vêr, vind og regn, og båten har god plass til fem-seks passasjerar, og er faktisk best med litt vekt om bord (feite passasjerar er kjærkomne!).


Eg vurderer å selja min Storm 19 grunna overgang til ein båt som er heile 30 cm lengre! Ta gjerne kontakt om du er interessert i ein sereigen båt som lever opp til nettstadens slagord om å gjera sjøen vakrare!

Annonse her.

Category: Ingen 

Tags:

Comments:

Be the first to comment ...

Post a Comment