segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | November 29, 2015

Er du ein av dei mange som har lyst på båt, men ingen stad å ha han? Står du på venteliste for båtplass i ei småbåthamn? Utset du kjøp av båt til båtplassen omsider blir tildelt? Eg vil gjerne ta til orde for eit alternativ båteigarskap!


Er lysten på båt større enn tålmodet til å venta på båtplass kan du løysa dette ved å ha båt på tilhengar, som du sjøset kvar gong du bruker han. Dei fleste båteigarar her i landet eig ein båt som er mellom fire og sju meter lang; er båten ikkje for tung, motoren ikkje for stor, og overbygget ikkje for ruvande går det heilt greit å parkera båten på tilhengar, og ikkje i båthamn. Men ei slik løysing er avhengig av fleire faktorar for at det skal vera praktisk:

  • fyrst av alt må ein ha plass til båthengar og båt heime (eller hos andre)
  • båten må vera eigna for bruk med tilhengar
  • tilhengaren må vera godt tilpassa båten (ofte ignorert)
  • det må vera båtramper i området der det også er råd å setja frå seg bil og tilhengar når båten er i bruk 
  • har du seglbåt må rigging ikkje ta for lang tid

Å ha båten på tilhengar har nokre ulemper, men også mange fordeler:

  • ingen bekymring for tjuveri eller hærverk i båthamna
  • ingen bekymring for vind og vêr i båthamna
  • bunnstoffing er ikkje nødvendig; altså mindre vedlikehald; årleg slipping er ikkje nødvendig, fordi alt vedlikehald kan gjerast etter kvart heime
  • fleksibilitet og variasjon med omsyn til stad for sjøsetting (sers nyttig når båten ikkje er hurtiggåande)

Mange stader i landet har båtramper du kan bruka gratis, eller for ein liten sum pengar.

 
Tilhengarbåt
 
Storm 19

Category: Ingen 

Tags: båteigarskap, båtrampe, tilhengar 

Comments:

Be the first to comment ...

Post a Comment