segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | March 03, 2018


De heldige får båtplass før rullator!

Eg er innflyttar til Storhaug - opphaveleg frå Sandnes, men har budd over tjue år i Kina, og ti år på Grünerløkka i Oslo. Kona (frå Beijing) og eg var samde om ein ting då me såg oss om etter bustad i Stavanger - han skulle vera nær sentrum og nær sjø; då måtte det bli Storhaug.


Her er det nok av butikkar, nok av stader der ein kan ta seg ein kopp kaffi eller ei øl, mange nok idrettsanlegg og badeplassar, og utmerka turstiar langs sjøen. Men for innflyttaren som har lyst på ein roleg tur på sjøen i båt, forblir det ein draum i mange år frametter.


Du kan sjølvsagt stå på venteliste for båtplass i ein av fleire av Storhaugs båtforeningar - Stavanger motorbåtforening i Hillevågsvatnet, Hillevåg båtforening i retning Kvalaberg, Ramsvik motorbåtforening i Ramsvig, Østkanten motorbåtforening eller Seilforeningen 1928 i Breivig.


“Er du heldig får du båtplass rett før du får rullator”.

Og båtforeningane vaktar nidkjært den kommunale eigedommen dei forvaltar - medlemsskap er kun for dei heldige, som enten har hatt båtplass sidan svartedauden, eller er blitt tildelt båtplass etter 15 lange og tålmodige år på venteliste.

Kunne me forvalta våre dyrebare kystressursar for sjøsetjing og opplag av båt slik at dei blei fleire til del? Her er nokre framlegg:


Meir tilgjengelege båtramper

Ei båtrampe er ei skråning frå land til sjø for sjøsetjing av båt på ei tralle med hjul (ein slipp er tilsvarande, men på skinner). Faktisk er det forbausande mange båtramper i vår bydel; Stavanger båtforening har ei, der ein visstnok kan få lånt nøkkel; det er ei utmerka rampe nær Strømvig kolonihage, men med låst port; det er ei i Ramsvig som er open for alle; det er ei i Breidviga som Østkanten motorbåtforening opplyser er kun for medlemmer, og ei i Svankeviga (Drollehola) som er open, men der det ikkje er lov å parkera.


Det skal svært lite til å gjera desse båtrampene mykje meir tilgjengelege for den som kjem med ein liten båt på tilhengjar. Ikkje minst kunne våre fem båtforeningar sett sitt samfunnsansvar og tillete meir open bruk av rampene deira.



Båtplassar for fellesskapet

Kommunen kunne også påleggja dei fem båtforeningane i bydelen, som vederlag for deira rett til bruk av felles kystnær eigedom, å stilla til rådvelde nokre båtplassar for mindre båtar, eller i det minste lagringsplass på land nær ei båtrampe for nokre båtar som kunne vore til disposisjon for ei utleige-ordning/båtkollektiv. Dei som tok del i ei slik båtdelingsordning kunne blitt tilbudd eit spesial-medlemskap i båtforeninga der desse båtane held til.


Kor er båt-mangfaldet?

Til sist tek eg til orde for eit meir mangfaldig og eit enklare båtliv. I dei kommunale båthamnene er det uhorvelege mengder flytande, motorisert kvit plast som ein og annan gongen forlet hamna. Kor er nordlandsbåten, strandebarmaren, sørlandssnekka, robåten, færingen med sprisegl, den vesle seglbåten med gaffelrigg, rosjekta med ein liten påhengsmotor og mahogny-motorbåten; kor er skrog og segl i friske fargar, kor er båthandverket?


Eit enklare båtliv!

Du treng ikkje 100 hestekrefter, sonar og ekkolodd for å dorga rundt Marøya. Du treng ikkje ein cabincruiser med doble propellar, dusj, toalett og dobbeltseng for å komma deg til ein flott badeplass på Fladaskjeret, eller gjera strandhogg på Teistholmen. Desse naturperlene er lettast tilgjengeleg med ein gruntgåande robåt.


Småbåtbrukaren kan læra av dei mange kajakkentusiastane, som har oppdaga gleda i det godgjerande åretaket, og spaninga ved å vera nær bølgjer og vind; den same opplevinga ventar når han går bort frå propell og fart og over til årer og segl!

Category: båtliv 

Tags: båtplass 

Comments:

Be the first to comment ...

Post a Comment