segl og årer
Norseman AS

By: Kleppar | October 24, 2016

 

Jewell nr. 6 er på plass i Hillevåg båtforening. Var litt skeptisk til bøye og landfeste, men ser no, etter at seglsesongen går mot slutten, at det har gått greit. Vind frå aust er ikkje 

den beste der båten ligg; frå dei andre himmelretningane er det greit. Har hatt båten på tilhengar ein gong til inspeksjon, elles har han lege i sjøen. Sommaren var sånn passeleg, men hausten har vore flott; den siste seglturen var 23. oktober; båten går på land i veke 43.

Det er småting som skal oppgraderast i løpet av vinteren, men elles er eg godt nøgd med båten.

Mine tre motorar - ein to hestars Honda luftkjølt, ein fem hestars vasskjølt Mercury, og ein tre hestars ePropulsion elektrisk - er kanskje i det meste laget, men det har vore nyttig å testa dei ...

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | June 25, 2016

Etter å ha henta den nye båthengaren i Fredrikstad 11. juni, møtte eg båtbyggar Aidis Jaškevičius  i Svinesund same ettermiddag; deretter testsjøsetjing i Fredrikstad same kveld. Køyring med hengar og båt frå Oslo sundag morgon, etter ei overnatting om bord i båten (på ein rasteplass utanfor Drammen).

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | June 08, 2016

Båten er ferdig mala og lakkert; rigging går føre seg. Båten blir levert i midten av juni.

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | April 08, 2016

Skroget blei snudd 7. april. Kjøl er på plass, og skroget er grunna på utsida.  Stormasta, som er hol, mesanmast, bom og årer er også nesten ferdige. Neste steg er innreiing, dekk og styrhus. Om alt går etter planen er båten ferdig tidleg i mai.

Sjå oppdaterte foto av byggeprosessen nedanfor.


Jewell "Lili" project

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | February 26, 2016

Etter ein langsam start med med mykje att og fram hausten 2015, blei marin kryssfinér kjøpt frå danske Bowa, med ankomst Lithauen tidleg i januar 2016. I byrjinga av februar blei all kryssfinér CNC-skoren av eit lokalt firma; etter det eg kan sjå blei det gjort godt og profesjonelt arbeid. Bygging av skroget (opp-ned) tok til kort tid etter.

Beslag er bestilt frå italienske Viadana. Har diskutert seglføring med Vivier og båtbyggjar, og bestemt at eg ikkje kjem til å utstyra båten med spinnaker; gaffelriggen er effektiv nok på slør og lens (betre enn bermudariggen), der ein spinnaker kunne vore nyttig.


I løpet av februar har eg også bestilt to motorar - ein elektrisk ePropulsion Spirit 1.0 L, med dobbelt så stor batterikapasitet som Torqeedo...

Category: Uncategorized 

Tags: seglbåt 

By: Kleppar | January 15, 2016

Foto av båtramper nær Stavanger sentrum; dei fleste kan nyttast gratis eller mot litt betaling.

Stavanger båtramper

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | December 01, 2015

Min Storm 19 blei bygd i 2005 av Swallow Boats - som no heiter Swallow Yachts, ein båtbyggar i Wales som på den tida leverte teikningar, byggesett og ferdige småbåtar for bygging i kryssfinér/epoksy.


På eit tidleg tidspunkt var det klart at framdrifta for min båt skulle vera årer og segl. Norske tradisjonelle båtar, oselvaren spesielt, var ein inspirasjon, men eg mangla interessa for tjørebreding, naglar, hampetau, hogde halsar og anna som fartøyvernfolka brenn for, og som ikkje er til å unngå om du skaffar deg ein tradisjonelt bygd båt.  Eg fekk tak i  Iain Oughtreds katalog; ein lesefest for ro- og segle-entusiastar! Her fann eg båtar etter min smak, med berre ei ulempe; hans teikningar er for sjølbyggarar, og i det lægret hadde eg ingen a...

Category: Uncategorized 

Tags:

By: Kleppar | November 29, 2015

Er du ein av dei mange som har lyst på båt, men ingen stad å ha han? Står du på venteliste for båtplass i ei småbåthamn? Utset du kjøp av båt til båtplassen omsider blir tildelt? Eg vil gjerne ta til orde for eit alternativ båteigarskap!


Er lysten på båt større enn tålmodet til å venta på båtplass kan du løysa dette ved å ha båt på tilhengar, som du sjøset kvar gong du bruker han. Dei fleste båteigarar her i landet eig ein båt som er mellom fire og sju meter lang; er båten ikkje for tung, motoren ikkje for stor, og overbygget ikkje for ruvande går det heilt greit å parkera båten på tilhengar, og ikkje i båthamn. Men ei slik løysing er avhengig av fleire faktorar for at det skal vera praktisk:

  • fyrst av alt må ein ha plass til båthengar og båt...