segl og årer
Norseman AS
 
Morbic 12 (her med vrikkeåre)

Båttypar

Dei fleste båtane du kan lesa om her er frå fire til sju meter lange. Dei er konstruerte for roing og segling; til og med dei større båtane har eit par årer, og gjerne ei vrikke-åre (sculling oar) i tillegg. Alle båtane er konstruerte med tanke på ein påhengsmotor (bensin eller elektrisitet) for sekundærframdrift. Båtane er utstyrte med klassiske, enkle, men effektive riggar der du klarer deg utan dyre vinsjar og komplisert oppsett. Mange av båtane er inspirerte av tradisjonelle båttypar, inkludert norske. Fleire av båtane kan utstyrast med ulike typar riggar - gaffelrigg, lugger-rigg, sprisegl eller bermudarigg.


Svela båthengar

Båthengar

Val av rett båthengar er sers viktig. Ein stor fordel med båt bygd i kryssfinér/epoksy er eit sterkt skrog, som gjev meir fleksibilet med omsyn til val av hengar. For sers lette båtar, og for bilisten med god tid, kan ein klara seg med ein båthengar utan bremser, med maksfart 60 km/t. Elles er bremser å anbefala.
Det er to hovudtypar båthengar - dei som baserer seg på kjølstøtte, og dei som basererer seg på skrogstøtte. Den siste typen er avgjort best for ein kryssfinérbygd seglbåt med senkekjøl, og du unngår typiske sporingsproblem, som er vanleg med ein båthengar basert på kjølstøtte.

For den bryggelause båteigar, som vanlegvis nyttar båthengar ved sjøsetjing og opptak, er det eit godt råd å ikkje spara pengar på ein billig hengar. Biletet viser ein utmerka Svela båthengar med skrogstøtter; Norseman AS samarbeider med Svela.

 
Jewell skrog (kryssfiner)

Konstruksjon og materialar

Masseproduserte fritidsbåtar er støypte i glasfiberarmert plast. Ingen av båtane du kan lesa om her er av plast. Mange av dei er konstruerte for  kryssfinér/epoksy klinkerbygging eller vanleg treverk; det er detaljerte teikningar og planar å få kjøpt for sjølvbyggjing eller for ein båtbyggjar.


Marin kryssfinér kombinert med epoksy er betydeleg lettare enn både vanleg tre og plast, og mykje sterkare; med denne byggjeteknikken er også båten tilnærma vedlikehaldsfri (bortsett frå maling ein gong i blant).

Stir Ven 19 sjøsetjing

Kjøl og ballast

Båtane har senkekjøl eller fast kjøl; nokre av dei har i tillegg ballast (bly, eller bly kombinert med vatn).

Transport

Dei fleste båtane du kan lesa om her er konstruerte og bygde med tanke på sjøsetjing frå ein båthengar (les meir om dette i bloggen).


Tryggleik og tjuverisikring

Båtane er konstruerte i samsvar med EU-reglar og ISO-standardar.

Er du eigar av ein masseprodusert båt er denne eit lettvint bytte for tjuvar, fordi han er lett omsettleg. Får du bygd ein unik båt som det bare er få av her i landet er denne mykje mindre attraktiv for tjuvar, fordi han er vanskeleg å omsetja.


Det engelske tidsskriftet Water Craft er ei god kjelde til oppdatert informasjon om ro- og seglbåtar.

Amerikanske Woodenboat, deira utmerka forum og digitalbladet Small Boats Monthly, for utvida båtfråtsing.....