segl og årer
Norseman AS
 

Gjer sjøen vakrare!

Denne nettstaden er for deg som likar segling og roing, som nyt stilla på sjøen, og som eig, eller planlegg å eiga ein båt der primærframdrifta kjem frå åretak eller segl.


Du som er interessert i tradisjonelle kystfartøy vil kanskje finna noko av interesse her, men eg vender meg helst til båtentusiasten med auge for tradisjonell maritim estetikk kombinert med moderne byggematerialar og det beste innan konstruksjon.


Her vil du ikkje finna masseproduserte plastbåtar som er laga i hundre- eller tusental, men båtar du kan bygga sjølv, eller som du kan få bygd av ein båtbyggar - med eller utan mi hjelp.


Kastar ein blikket på ei norsk båthamn i dag skulle ein tru at fargepaletten har blitt avskaffa; nesten alle båtar er kvite. Her tek me til orde for skrog og segl i friske fargar og mangfaldig mønster.

 

Frå propell og motor til segl og årer

"Sail and oar" på engelsk og "voile-aviron" på fransk er omgrep som gjev namn til eit båtliv prisgjeve muskelkraft og vind, med båtar bygde for roing og segling; serleg i Frankrike er dette stort. Kjende konstruktørar som François Vivier i Frankrike og Iain Oughtred i Skottland har konstruert båtar som nok har tradisjonelle riggar og linjer, men som byd på det beste innan moderne konstruksjon og byggematerialar.


Denne nettstaden slår eit slag for eit båtliv mindre avhengig av komplisert og fordyrande teknikk og mekanikk, men som ikkje går av vegen for å nytta dette når det er fornuftig. Dei mange kajakkentusiastar i Noreg har oppdaga gleda i det godgjerande åretaket, og spaninga ved å vera nær bølgjer og vind. Me tek til orde for at den same opplevinga ventar på småbåteigaren når han går bort frå propell og fart og over til årer og segl!


På denne nettstaden finn du lenkjer til båtstoff for vind- og åre-entusiastar. Du finn også presentasjonar av ferdige båtar og båtar under bygging. Ikkje minst finn du film og foto.

 

Fargerike fartøy for fjorden

 

Samarbeid


Norseman AS samarbeider med konstruktørane François Vivier (Frankrike), Iain Oughtred (Skottland) og Ross Lillistone (Australia) for teikningar, konstruksjon og planar.

For bygging av mindre båtar samarbeider me med Amber Boat i Litauen, og for større båtar med Woodtec Boats i Hellas.